Restaurering
Hus etter 150 års strev er berga i Vågå
På 44 år har Knut Arild Teigum fått skikk på tolv hus i tunet og to på setra åt Grevrusten, ein einbølt gard i skogen på nordsida av Vågåvatnet.
Tunet på Grevrusten over Vågåvatnet. Stovehuset med skifertak. Til høgre stabbur og til venstre kårstova. Bak låven (øvst) og fjøset.
Alle foto minus to: Erik Solheim.
I 1812 tok Johannes Grev seg opp mellom skrentar og brattheng frå Vågåvatnet og byrja reise murane til eit hus på jord som var full av stor stein. Den første tida fekk han maten hos foreldra på Grev nede ved vatnet. Det var tronge kår i Vågå den gongen, for lite jord til mange av dei som budde der. I nauda rydda folk 29 små bruk i denne lia, ein strekning på vel seks kilometer mellom dei eldre gardane vest for Vågå sentrum og grensa til Lom. På nokre av dei står det enno hus i små lysningar. Dei fleste har skogen grodd over.
Grevrusti (namnet på kartet) eller Grevrusten, heiter garden som Johannes tvinga ut av ei steinrøys med litt mold i. Rundt innmarka står det tunge steinmurar, delvis i mannshøgde. Det meste av slåttemarka ligg nedanfor tunet, på ei noko slakare hylle enn den ufsete skoglia nedanfor. Men jorda er langt frå flat. Ei lita tørrstugu, der tørka dei korn, har inngang frå marka oppe og står på ein mur som i nedre enden er nesten dobbelt så høg som huset. Aust for tunet renn ei elv. Johannes skal ha spurt far sin til råds om kvar han burde velje heimstad. Faren smakte på jorda på begge sidene av elva, og valet vart vestsida.
Garden «Helvete»
Strevsamt vart det. I 1827 fekk Grev og kona Brit Storvikløkken ein son. I oppveksten hans budde dei, i lag med nokre geiter, i kjellaren under det som seinare vart stovehuset. Begge foreldra var grovvaksne og grepa menneske, men så mykje arbeid hang over dei at Johannes etter kvart kalla garden Helvete.
Første høgda over murane lafta han av store furer som stod på rydningen. Til andre høgda henta dei tømmer i lia på den andre sida av vatnet. Det var å hogge trea, drage dei med hest ned til Vågåvatnet, så over isen og 160 høgdemeter opp den bratte lia. Brit hadde med seg ein liten agnlåve (kornlåve) som medgift, kanskje det første trehuset på garden.
Éin viktig styrke hadde karane på Grevrusten i tillegg til sterk arbeidsvilje; dei var flinke bygningsmenn, den eine etter hin. Dei stod sjølve for stadig nye hus på garden, med noko hjelp av andre. Og dei tok på seg byggjeoppdrag i bygda. Ein av dei, Syver, reiste i lag med svigerfar sin den første hytta som fekk namnet Glitterheim, ved foten av Glittertinden. For arbeid ute kunne dei få betaling i bytearbeid, og kanskje varer, om dei var spurde til rikare gardar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.