Humor

Køkompetanse

Folk står mykje i kø. Likevel er det få som kan kunsten å stå eller gå i kø skikkeleg.

Publisert Sist oppdatert

Folk står mykje i kø. Dei held på plassen sin, skiftar tyngdepunkt med jamne mellomrom, trippar og blæs i kinna. Likevel er det få som kan kunsten å stå eller gå i kø skikkeleg. Bente er ein meister. Særleg i klesbutikkar veit ho å komme seg fram. Når han i kassen seier at han ikkje veit heilt kven det er sin tur, svarer Bente alltid «eg trur det er meg», og legg tinga sine på disken.

Handlar ho daglegvarer, er det på same viset. Det er ingen grunn til å vente på at varene til den som er føre i køen, blir køyrde litt lenger ned på bandet. Ho byrjar berre å leggje på. Eller stable, er vel meir rett å seie, lagar seg eit flott lite berg av alle varene. Skiljepinne brukar ho ikkje, verken før eller etter vareberget. Ein kan aldri vete kven som har hatt fingrane sine borti dei. Dessutan veit Bente godt kva varer ho har lagt på bandet.

Når ho har betalt, kjem Bente gjerne på at ho treng posar, og ser det som sjølvsagt at det ikkje er noko problem å få gratis når ein har handla for fleire hundrelappar. Før ho byrjar å leggje i desse posane, sjekkar ho kvitteringa. Bandet er fullt av varer, og det kjem stadig fleire. Bente svarer på ei melding og opnar ein snap. Handlevogna set ho slik at folk ikkje kjem seg forbi. Det er jo ein grunn til at ein har kø.

På flyplassar er det heilt håplaust, tenkjer Bente. I tryggleikskontrollen vrimlar det av framande som står og somlar rett framføre nasen på ho. Folk går i vegen alle stader. Inne i flyet, når ho går opp midtgangen for å finne sitt eige sete, dultar ho borti folk som alt har sett seg og sit og briskar seg utan tanke for at det er andre som skal oppover midtgangen.

Ho stoppar fleire gonger og sjekkar ombordstigingkortet, funderer på kva ho skal ha med seg i setet, og kva som skal opp i bagasjehylla. Tek av seg jakka og leitar etter noko i lommene, sjekkar at lommene er lukka etterpå. Brettar jakka saman og legg ho opp i bagasjehylla. Stemma i høgtalaren seier at når du har funne plassen din, må du gå til sides og sleppe andre forbi. Kor dum går det an å bli, tenkjer Bente. Ho tek ned igjen jakka frå bagasjehylla, sjekkar indrelomma ein gong til.

Når reisa er over og flyet landar, skyt ho opp som ein rakett når lyset med «Fest setebeltet» sloknar. Det er om å gjere å få fatt i tinga sine fort og komme seg ut, slik at neste gruppe med passasjerar kan komme seg inn. Men dette skjøner ikkje folk. Kor vanskeleg kan det vere å opne ei dør og byrje å gå?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement