Reportasje
Luccas andlet
LUCCA: For mellomaldermennesket var krusifikset Volto Santo ei sann attgjeving av Kristi andlet.
Luccas domkyrkje, San Martino, blei reist i romansk stil kring 1200. Berre vestfronten, som me ser her, har bevart det opphavlege preget.Luccas domkyrkje, San Martino, blei reist i romansk stil kring 1200. Berre vestfronten, som me ser her, har bevart det opphavlege preget.
Foto: Sjur Haga BringelandFoto: Sjur Haga Bringeland
Den som skal inn i domkyrkja i Lucca, San Martino, må forbi ein labyrint. På mellomalderlatin står her skrive: «Dette er labyrinten som Daidalos frå Kreta lét byggja, den ingen som gjekk inn i, fann vegen ut av, utanom Teseus med hjelp av Ariadnes tråd.»
Marmorrelieffet med labyrinten er frå byrjinga av 1200-talet. Kva fekk mellomalderens lucchesi, som innbyggjarane her blir kalla, til å plassera eit førkristent symbol ved inngangen til den fremste kyrkja si?
Helten Teseus
Innskrifta syner til den fyrste kjende labyrinten, den kunstnaren og oppfinnaren Daidalos bygde for kong Minos på Kreta. Labyrinten hyste Minotauros. Dette udyret, halvt okse, halvt menneske, blei fødd av kona til kong Minos etter at ho hadde vore utru med ein okse.
Helten Teseus blei banemannen til Minotauros. Då Teseus tok seg inn i labyrinten, la han etter seg ein tråd, slik at han kunne finna vegen ut att. Trådnystet fekk han av kjærasten Ariadne, dottera til kong Minos. Tråden hennar er opphavet til omgrepet «ariadnetråd», altså ei rettleiing ut av ein vanskeleg situasjon.
Men kvifor heng altså labyrinten her, mellom helgensoger og kristne symbol? Eg går bort til relieffet og fører fingrane over marmoren – noko som òg er poenget. Dette er ein «fingerlabyrint» der ein med fingeren skal leita seg fram mot midten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.