Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Ein by av dufter

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Her kan ein velje og vrake blant alle naturens dufter.

Foto: Dagfinn Nordbø

4531
20210827

Blomsterhav

Ved Grasse blir det mellom anna dyrka lavendel, sjasmin, mimosa, appelsinblome, myrte, fiol, rose og lilje.

Tidlegare arbeidde særs mange innvandra italienarar på blomstermarkene, men dei siste tiåra er størstedelen av råvarene importerte.

Av berømte besøkande var dronning Victoria fleire vintrar i Grasse. Dessutan har den berømte musketeren D’Artagnan visstnok overnatta i byen – med vekt på visstnok.

I Grasse kan ekspertar lære deg å komponere din eigen eau de toilette. Eg har det til gode.

Få bøker har gjort så sterkt inntrykk på meg som Parfymen – historien om en morder, debutromanen til den tyske forfattaren Patrick Süskind. Ho kom ut i glansperioden til Den norske Bokklubben – annankvar nordmann hadde boka i hylla, og suksessen var så enorm på verdsbasis at Süskind aldri klarte å følgje han opp.

Historia om den ytst spesielle ungguten Grenouille er då òg så original og bisarr at ein skal vere temmeleg blasert for å stille seg likegyldig. Kort fortalt handlar det om ein barneheimsgut med ein heilt usedvanleg nase, han kan til dømes fortelje ein erfaren parfymemakar nøyaktig kva ingrediensar ei duft inneheld.

Parfymemakaren tilset han sporenstreks som assistent, og Grenouille utviklar i si monumentale einsemd ei tru på at han er i stand til å fange essensen av dufta til ei ung kvinne, og det er derifrå det verkeleg byrjar å bli makabert. Boka vart filma, med sterk sans for nitide detaljar i folkekultur og klesdrakter, og den franske parfymebyen Grasse er sentrum for handlinga, som mellom anna hadde sjølvaste Dustin Hoffman i rolla som parfymemakaren.

Sidan Grasse berre er ein liten busstur unna min vanlege franske tilhaldsstad, måtte vi sjølvsagt ta turen, sjølv om «liten busstur» i dette landskapet så absolutt ikkje er utan prøvingar. Vegane er så infernalsk svingete at balansenerven din blir forvirra, og det blir ikkje betre av at franske sjåførar meiner at vitsen med ein gasspedal er at han alltid skal bli tråkka i botn.

Vel framme i Grasse veltar minna frå boka og bileta frå filmen opp. Sjølv om vi var i den sørfranske høgsommaren med steikande sol og asurblå himmel, var den gloomy kjensla bastant til stades. Om den uhyggekjensla var blitt planta i meg som ein fordom, kan godt vere, men ho forlét meg heller aldri mens eg var der.

Bysentrumet har tronge gater med fem–seks etasjar høge gamle hus på kvar side, noko som gir ei trykkande kjensle. Eg kunne ved kvart gatehjørne levande førestille meg at Grenouille kom snikande med ein striesekk som inneheldt liket av endå ei vakker, raudhåra ung jente.

Sjekkar ein ut filmen, viser det seg at særs lite av han er filma i Grasse. Det meste er gjort i Catalonia, noko i Paris. Illusjonen har dei i alle tilfelle klart å skape med overtyding: Den mest inntrykkssterke delen av filmen går føre seg (for meg) i Grasse, i alle sine grufulle detaljar.

Omgivnadene, derimot, med langstrakte åkrar med sjasmin- og lavendelblomster, kilometer på kilometer i nesten overnaturleg sterke fargar, råvarene til den berømte parfymeproduksjonen, er uendeleg vakre. Det er ein sterk kontrast til den skremmande og aparte historia som for all framtid er knytt til Grasse.

Sanseinntrykka blei så sterke at det er umogleg for meg å hugse noko av maten vi åt, sannsynlegvis ein heilt grei fransk bistromeny som ikkje utmerkte seg i verken den eine eller andre retninga. Iallfall ikkje noko eg såg noko poeng i å fotografere. Heile byen er parfyme frå inst til ytst, leksikalske kjelder omtalar Grasse gjennom fleire hundre år som verdas parfymehovudstad.

Har du med deg ein duftinteressert reisepartnar, er det ein fordel å vere utstyrt med ein porsjon tolmod. Parfymeprodusentane Galimard og Fragonard er naturlegvis sterkt til stades, og parfymemuseet i byen kjem ein ikkje utanom. Problemet er at ein heile tida tenkjer på Grenouille.

Og forfattaren sjølv? Han lever no særs tilbaketrekt, delvis i Frankrike, delvis i Tyskland, og viser seg ikkje offentleg. Han nektar å la seg intervjue og fotografere. Han er kanskje lei av heile parfymesirkuset. Berre boka aleine gav han nok inntekter til å kunne gi ein god dag i resten av verda, med tjue millionar selde bøker.

Det går rykte om at han selde filmrettane for 100 millionar, men det er ikkje bekrefta. Lenge såg han berre Stanley Kubrick eller Milos Forman som verdige til å filmatisere boka, men han gav til slutt etter for regissøren Tom Tykwer. Eg vil tru turistbransjen i Grasse takkar dei begge.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis