Restaurering

Nyvølt steinfjøs

Dei hadde restaurert og bygt nytt på garden dei bur på, Huden. Då Randi Flåten i 2016 fortalde mannen at ho hadde kjøpt Sygard Svare, fekk han, Steinar Håkenstad, meir å ta tak i.

Tunet på Sygard Svare. Til venstre den nyleg restaurerte fjøsen. Bak til høgre låven med torvtak og den tilbygde geitfjøsen med skifer på. Hitanfor fjøsen eit lite hus for kalvehøy. I midten stabburet som igjen skal få torvtak. Til høgre framme, den nyleg restaurerte bua med skorstein. Bak står nedre stugu og til høgre øvre stugu. Begge er utleigde.
Tunet på Sygard Svare. Til venstre den nyleg restaurerte fjøsen. Bak til høgre låven med torvtak og den tilbygde geitfjøsen med skifer på. Hitanfor fjøsen eit lite hus for kalvehøy. I midten stabburet som igjen skal få torvtak. Til høgre framme, den nyleg restaurerte bua med skorstein. Bak står nedre stugu og til høgre øvre stugu. Begge er utleigde.
Publisert

Morsslekta hennar Randi kom frå Sygard Svare. Det var mykje av grunnen til kjøpet, for å kunne setje det fallerte tunet i stand. Svare ligg i Skogbygda vest for Vågå sentrum. Dette er den kommunen som har flest freda hus i landet.

På Sygard Svare står dei verneverdige tett. Her åtte dei ikkje traktor før i 1980, då det eldste bustadhuset (Nedre stugu) frå 1764 vart restaurert. Høgst alder har truleg eit stabbur frå 1700. Øvre stugu vart reist i 1848, stallen i 1880 og eit geithus i 1899.

Steinfjøsen

Mest særprega i tunet er fjøsen frå 1839 – ein steinbygning i 15,5 meters lengde og 8 meter breidde. Murane er doble og godt over fire meter høge på nedsida. Under dyrerommet er det gjødselkjellar. Dei som bygde, var tidleg ute med to gryande trekk i tida – å byggje i stein og å lagre gjødsla under tak. Kanskje i 1736 fekk presten i Fron, magister David Schiøth, reist den første steinfjøsen i Gudbrandsdalen. Han ville byggje med noko som varte; særleg i kufjøs har lafta vegger lag til å ròtne. Nokre fleire steinfjøs kom til, men sakte og helst hos embetsmenn og storbønder. Det nye gav status, også den gongen ei drivkraft.

Gudbrandsdalen var tidleg ute med den nye skikken, med endå ein opplysningsprest som pådrivar. Hugo Friedrich Hiorthøy var prost i Gudbrandsdalen frå 1776. Han agiterte som Schiøth hadde gjort, og han snakka i tråd med oppfatninga hos dei styrande i landet. Dei hadde på denne tida og ut heile 1800-talet gåande ein kampanje for meir stein og mindre treverk i uthusa, skriv Arne Lie Christensen i Den norske byggeskikken. Fjøsen på Sygard Svare, med gjødselkjellar, karakteriserer han som avansert for si tid. Under den langvarige trelasteksporten frå mellomalderen og utover hadde det lysna i svære skogvidder – først nede ved kysten, seinare langt oppover i dalane. Prestar i Gudbrandsdalen rapporterte om mangel på tre til hus og ved, og fleire bønder gjorde som prost Hiorthøy hadde sagt. Gjennom eit hundreårs tid kom det ein god del steinfjøs i dalen. Fleire har vore i bruk til det siste.

Også gjødselkjellaren var eit resultat av ei ny tid og andre tankar enn dei tradisjonelle. Boklærde menn prøvde å overtale bøndene til å skaffe seg gjødsellager under tak. Det ville gje meir plantenæring til åkeren, og dermed større avlingar. Steinfjøsen på Sygard Svare var eit tidleg innslag i moderniseringa av jordbruket. Langt opp i Gudbrandsdalen nådde tankar som hadde opphav lenger sør i Europa. Det var idear om å drive meir i tråd med det moderne vitskap hadde funne ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement