Restaurering

På nytt er det varme i trønderlån frå 1740

Det kunne gått gale på garden Forberg på Ytterøya i Levanger kommune. Åshild Bjørgum Øwre og Per Anders Øwre ville restaurere den gamle låna. Før arbeidet starta, meinte ein snikkar at dei måtte kjøpe nye takstolar til heile huset.

Låna på Forberg ligg fritt og fint på eit høgdedrag over fjorden. Den eldste delen frå 1750 er til høgre. Utvidinga frå 1850 har loftsglasa litt høgre i veggen. Heilt til venstre eit lagerrom med skråtak.
Låna på Forberg ligg fritt og fint på eit høgdedrag over fjorden. Den eldste delen frå 1750 er til høgre. Utvidinga frå 1850 har loftsglasa litt høgre i veggen. Heilt til venstre eit lagerrom med skråtak.
Publisert Sist oppdatert

Dette kunne ikkje Åshild forstå. Tvilen fekk henne til å kontakte museumssnikkar Jarle Vangstad, som kom og vurderte tilstanden. Han fann ingen skade i taket, alt treverket var i beste stand. Så taket ligg framleis slik det var bygt.

I 1989 sette Åshild og ektemannen, Per Anders Øwre, i gang. Ti år seinare kunne dei flytte inn. Gjennom heile perioden hadde dei kontakt med fylkeskonservator Kolbein Dahle og museumshandverkar Jarle Vangstad. Alt dei har gjort, er i samsvar med råda frå dei og andre med innsikt i bygningsvern. Tilskot til finansieringa søkte dei ikkje om, og det gjekk med mange pengar og mykje arbeid før huset var i stand.

Namnet lån kjem av norrønt ‘lon’ som mellom anna tyder rekkje. Ei lån er ein lang bygning, på Forberg 26,5 meter. Den eldste delen av huset er frå 1740-talet. Resten vart bygt til i 1850. 1740-delen har den dag i dag den gamle inngangsdøra med eit tydeleg dekorert felt på veggen over karmen – ei typisk 1700-talsdør som framleis gjer nytten, snart 300 år gamal. Den yngre døra, frå 1850, er også vakkert snikra og framleis intakt.

I den yngre delen står vindauga på loftet høgre i veggene enn i den eldste, og dei har eit litt anna listverk.

Leiglending

Lars Gundersen Forberg, tipp-tipp-tipp-oldefar til Per Anders, kom til garden i 1701 som leiglending. Han fekk bygd låna i 1740 – då som eit såkalla treromshus med gang/kjøkken i midten og to like stover – ei på kvar side av inngangen. I 1767 fekk sonen kongebrev på garden. Etter den store nordiske krigen la kongen eigedomar frå krongodset ut til sal på auksjon for å få inn pengar til ei botnskrapa statskasse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement