Luccas andlet
LUCCA: For mellomaldermennesket var krusifikset Volto Santo ei sann attgjeving av Kristi andlet.
Luccas domkyrkje, San Martino, blei reist i romansk stil kring 1200. Berre vestfronten, som me ser her, har bevart det opphavlege preget.
Foto: Sjur Haga Bringeland
SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No skriv han ut reisedagbøkene sine.
Lucca
By i regionen Toscana med 90.000 innbyggjarar
Blei romersk koloni i 180 f.Kr., kalla Luca
Langobardisk hertugsete på 500-talet, republikk frå 1160 til 1805
Kom under kongeriket Italia i 1860
Kjend for sine romanske kyrkjer og intakte festningsvollar

Den som skal inn i domkyrkja i Lucca, San Martino, må forbi ein labyrint. På mellomalderlatin står her skrive: «Dette er labyrinten som Daidalos frå Kreta lét byggja, den ingen som gjekk inn i, fann vegen ut av, utanom Teseus med hjelp av Ariadnes tråd.»
Marmorrelieffet med labyrinten er frå byrjinga av 1200-talet. Kva fekk mellomalderens lucchesi, som innbyggjarane her blir kalla, til å plassera eit førkristent symbol ved inngangen til den fremste kyrkja si?
Helten Teseus
Innskrifta syner til den fyrste kjende labyrinten, den kunstnaren og oppfinnaren Daidalos bygde for kong Minos på Kreta. Labyrinten hyste Minotauros. Dette udyret, halvt okse, halvt menneske, blei fødd av kona til kong Minos etter at ho hadde vore utru med ein okse.
Helten Teseus blei banemannen til Minotauros. Då Teseus tok seg inn i labyrinten, la han etter seg ein tråd, slik at han kunne finna vegen ut att. Trådnystet fekk han av kjærasten Ariadne, dottera til kong Minos. Tråden hennar er opphavet til omgrepet «ariadnetråd», altså ei rettleiing ut av ein vanskeleg situasjon.
Men kvifor heng altså labyrinten her, mellom helgensoger og kristne symbol? Eg går bort til relieffet og fører fingrane over marmoren – noko som òg er poenget. Dette er ein «fingerlabyrint» der ein med fingeren skal leita seg fram mot midten.
Inn eller ut?
Alle som freistar, vil snart finna ut at det er noko som ikkje stemmer med denne labyrinten. Han manglar nemleg villgangar og fører oss trygt mot midten. Og midten utgjer faktisk skjeringspunktet i ein kross. Korleis skal dette tolkast? Skal sigeren til helten Teseus over udyret Minotauros skjønast som Kristi siger over djevelen? Eller skal «ariadnetråden» skjønast som vegen ut or det vonde, den Kristus har lagt ut for oss å fylgja? I så fall bør me vel heller søkja vegen ut or labyrinten med fingeren, ikkje inn i han.
I nærare tusen år har menneske frå heile Europa passert forbi her på veg inn i katedralen. Pilegrimane søkte nærleiken til Luccas heilagaste objekt: ein relikvie dei meinte skreiv seg frå Jesu tid, og som jamvel har etterlate seg spor i Noreg.
Spesialitetar
Å kalla Lucca ei løynd perle blir å overdriva. Her plar vera turistar, men det går langt rolegare føre seg enn i andre toskanske byar (som Pisa i vest og Firenze i aust). Dei med god tid stoppar her – for å spasera på dei kilometerlange festningsmurane, ovundra kyrkjefasadane eller stiga på knirkande tretrapper opp i mellomalderske tårn. Frå tårna ser ein gamlebyen og kulturlandskapet utanfor, og på heilt klåre dagar jamvel dei gråkvite Appenninane, den 140 mil lange fjellkjeda som utgjer Italias ryggrad.
Lucca er ikkje ein by ein dreg til for å festa. Ved nattetid er det stille i sentrum. Men ein kan sjølvsagt eta og drikka godt. Ved sida av italienske «pliktretter» byr dei fleste restaurantar og kroer på lokale spesialitetar som rovelline lucchesi og tordelli lucchesi. Det fyrste er panerte kalvesnitslar som blir serverte i enkel tomatsaus med kapers. Det andre ein pastarett med store, halvsirkelforma tortellini (tortelli) som er fylte med storfe- eller svinekjøt blanda med bladbete, pinjekjernar, rosiner og ost – også den servert i tomatsaus.
Vestfronten
Forhallen til San Martino gjev svalande skugge denne sommardagen. Ifylgje tradisjonen er ho ei av Italias eldste domkyrkjer, grunnlagd på 500-talet av den heilage Fredianus, ein irsk kongsson som blei Lucca-biskop. Kyrkjebygget frå seinantikken er det berre arkeologiske spor att av. Kyrkja som står no, blei reist i romansk stil kring 1200. Seinare er ho blitt omforma og utvida i takt med tidas estetiske og praktiske krav. Berre vestfronten har bevart det opphavlege romanske preget. Han er typisk for Lucca: Fasaden er eigentleg eit sjølvstendig bygg som står utanpå resten av kyrkja. Den øvre sona er sett saman av fleire lag med grunne galleri med småsøyler i ulike fargar og former.
Fasaden blei aldri heilt ferdig. Det øvste galleriet med trekanta tempelgavl manglar. Dessutan er det heile usymmetrisk, for på grunn av klokketårnet måtte den sørlege (høgre) delen av fasaden kortast av.
St. Martin av Tours
Noko av det som skil vår tids kunstturistar frå dei danningsreisande som vitja Italia på 1700-talet, er at me som regel set pris på det særeigne ved kvar epoke. På 1700-talet var det fyrst og fremst klassisk kunst og arkitektur, altså frå antikken og renessansen, ein ville oppleva i Italia. Dei mellomalderske skulpturarbeida som prydar innsida av San Martinos forhall, ville difor dei færraste 1700-talsturistane ofra ein tanke – men kanskje ein grimase.
Utsmykkinga her er prega av måtehald; ifylgje portalinnskrifta blei ho påbyrja i 1233. Dei slette flatene av kvit marmor blir varierte av horisontale band av raud og grøn marmor. I portalbogane og mellom portalane heng relieffpanel. Dei syner mellom anna episodar frå livet til den heilage Martin av Tours, helgenen som har gjeve kyrkja namn.
Arbeida er av høgste kvalitet. Skulptøren, som etter stilen å døma ætta frå Lombardia i Nord-Italia, skreid til verket med kunstnarleg økonomi og makta å redusera figurframstillingane til det mest essensielle. Likevel har personane liv og rørsle. Me ser Martin bli vigsla til biskop, vekkja døde til liv og driva demonar ut av galne.
Den mest kjende episoden i livet hans er likevel ikkje framstilt på relieff, men som frittståande statue. Store ryttarstatuar i stein frå 1200-talet er svært sjeldsynte. Difor er denne flytta inn i kyrkja. Den som står ute, er ein kopi i sement.
Framifrå muleparti
På innsida har den 84 meter lange krosskyrkja eit gotisk preg. Ikkje slanke søyler, men kraftige pilarar skil dei tre skipa frå kvarandre og held det tunge, krysskvelva steintaket på plass. Ryttarstatuen står på innsida av vestfrontveggen.
Martin av Tours blei fødd kring 316 i Pannonia i dagens Ungarn og var romersk offiser i Gallia. Ifylgje legenda blei han omvend då han ein hustrig vinterkveld møtte ein halvnaken tiggar utanfor bymurane. Denne bad om ei almisse, men Martin hadde ikkje pengar. Han delte difor kappa si i to med sverdet og gav halvparten til tiggaren. Same natt såg Martin Kristus kledd i den halve kappa.
Skulpturgruppa er i kvit marmor med innslag av blått og grønt og framstiller sjølve delinga av kappa. Einast sverdet er av metall. Det er ingen ting krigersk ved måten Martin fører dette på. Noko kjærleg, ja, ømt er det over sverdodden som rører ved den venstre skuldra til tiggaren. Måten ryttaren er vridd frontalt mot oss, verkar noko stiv, litt som på bysantinske ikon. Men sjå korleis foldane i kappa fell naturleg kring kroppen til ryttaren: Dette er skulpturkunst av mest klassisk kvalitet. Hesten er òg framifrå, særleg mulepartiet. Han vrir litt på mulen, som i eit lite vrinsk, slik at den eine nasebora blir smalare enn den andre.
Kapell
Martin gav opp militærkarrieren av di han ikkje ville kriga mot andre kristne. Han grunnla det fyrste klosteret i Gallia og blei biskop av Tours. Alt på 400-talet blei han dyrka som helgen, noko som var uvanleg for ein ikkje-martyr. Festdagen hans fall på den 11. november. I Noreg slo Frostatingslova fast at «mortensmess» skulle haldast heilag som ein sundag.
Martins kappe har sett spor etter seg, både i arkitekturen og i musikken. Kappe heiter capa på latin. Då han delte kappa si i to, stod han att med ei lita kappe; på latin blir diminutiven capella. Etter kvart blei kapell nytta som omgrep på rommet der kappa blei gøymd som relikvie. Sidan musikarane i mellomalderen song i kapellet, blei dette igjen synonymt med kor og orkester. Dirigentar blir framleis kalla kapellmeistrar.
Kyrkjeskipet er dimt, for berre nokre runde vindauge lengst oppe slepper dagslys inn. Luccas fremste relikvie er ikkje løynd i eit sidekapell, men har fått eit eige lite tempel midt i nordre sideskipet. Det blei laga i 1480-åra av byens fremste skulptør og arkitekt, Matteo Civitali.
Volto Santo
Det forgylte gitteret framfor døra og vindaugo i templet er så tettmaska at eg nærast må stikka nasen inn for å sjå Volto Santo di Lucca, «Luccas heilage andlet». Dette 2,4 meter høge krusifikset i syrisk nøttetre hyser bitar av Kristi kross, klede og tornekrone. Den uvanleg mørkhuda Kristus, kledd i fotsid tunika og med krone, framstår her ikkje lidande, men sigrande: Med opne augo, kraftig hår- og skjeggvekst står han snarare enn heng på krossen. Denne typen framstilling av Kristus i triumf blei etterlikna over heile Europa. Skulpturen blei nemleg sett på som ei sann attgjeving av Kristi andlet, på same måte som likkledet i Torino.
Kor gamalt er Volto Santo? Legenda seier at det blei laga av Nikodemus, ein farisear som ifylgje Johannesevangeliet var med under salvinga av Kristi lekam. Andletet blei til «med påhalden meisel» – det var englar som førte handa til Nikodemus. Etter å ha vore gøymt i Det heilage landet i fleire hundreår blei det lasta om bord på eit skip utan segl og mannskap. Skipet dreiv over Middelhavet til Toscanas kyst. Her lasta ein det på ei vogn og spente utamde oksar føre. Dei førte det til Lucca – i 782.
Men kunsthistorikarar har tradisjonelt datert krusifikset til mellom 1000 og 1200, og føreslått at det kan vera ein kopi av ein eldre original som no er tapt. Ei radiokarbondatering gjennomført i 2020 slo så endeleg fast at det faktisk er eldre: frå mellom 770 og 880, noko som gjer det til ein av Europas eldste trestatuar.
Selja og Bergen
På grunn av Volto Santo blei Lucca ein fast stasjon for pilegrimar på veg til Roma i mellomalderen – også for nordmenn. Pilegrimsmerke i bly eller tinn som kunne syast fast til klede eller hattar, var populære; dei var si tids pins som synte kva heilagdom beraren hadde vitja.
I 1937 blei eit pilegrimsmerke frå Lucca funne ved klosteret på Selja i Nordfjord. I 1964 dukka eit liknande opp ved arkeologiske utgravingar på Bryggen i Bergen. Begge merka er av den såkalla Lucca-typen, med åtte augo langs kantane som ein kunne sy merka til kleda med. Spesielt vakkert er det kring 5 cm høge Lucca-merket frå Bryggen, som hamna i jordlaga under Bergen ein gong mellom 1248 og 1332. Det syner den tunikakledde, krona Kristus og ber den kryptiske innskrifta «SLTI LUCEII».
Eg har eit personleg forhold til dette krusifikset: Ein moderne kopi av det fekk eg til dåpen av fadderen min, ein prest frå Sunnmøre som seinare blei dominikanarpater i Oslo.
Klingane gåve
Det finst mange historier om Volto Santos underverk. Ei av dei finaste er «Spelemannslegenda» frå 1100-talet:
Frå Frankrike kom ein gong ein fattig luttspelar på pilegrimsferd til Lucca. Han var fortvila over ikkje å kunna gje det heilage andletet noka pengegåve. Det einaste han kunne skjenkja andletet, var tonane frå lutten, difor spelte han for det.
Frelsaren fekk medynk med den fattige spelemannen og lét ein av tøflane sine falla ned til han. Tøffelen var av sølv. Då folk såg dette, sprang dei til og greip spelemannen. Dei klaga han for tjuveri av kyrkjegods. Den ulukkelege bad om å få syna korleis det heile hadde gått til, og då han atter spelte framfor krusifikset, fall også den andre sølvtøffelen ned til han. Då lét dei spelemannen gå.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kristus, kledd i fotsid tunika og med krone, framstår ikkje lidande, men sigrande.
Fleire artiklar
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB