Velvære i vatn
Når ein lekam vert søkkt i vatn, byrjar tankane å flyta.
Teikning: May Linn Clement
Les også
Teikning: May Linn Clement
Faste eller frie lansar?
Les også
Teikning: May Linn Clement
Kva er meininga med permisjonslivet?
Les også
Teikning: May Linn Clement
I gode og vonde arbeidsdagar
Les også
Tekning: May Linn Clement
Evolusjonen til ein lokalavisjournalist
Les også
Bestemor Klara, mor mi Liv og hunden Bonso på det nymåla kjøkenet tidleg i 1970-åra. Overskåpet med skyvedører heng framleis på lemen. Biletet er teke på skrått, sikkert for at det skulle sjå kult ut i albumet.
Eit kjøken som kler huset
Les også
Teikning: May Linn Clement
Faste eller frie lansar?
Les også
Teikning: May Linn Clement
Kva er meininga med permisjonslivet?
Les også
Teikning: May Linn Clement
I gode og vonde arbeidsdagar
Les også
Tekning: May Linn Clement
Evolusjonen til ein lokalavisjournalist
Les også
Bestemor Klara, mor mi Liv og hunden Bonso på det nymåla kjøkenet tidleg i 1970-åra. Overskåpet med skyvedører heng framleis på lemen. Biletet er teke på skrått, sikkert for at det skulle sjå kult ut i albumet.
Eit kjøken som kler huset
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Søren, det er stengt. Opnar ikkje før... til neste år.
Eg er på ferie i Oslo og står utanfor husværet Henrik Ibsen budde i dei tolv siste leveåra sine.
Vanlegvis er heimen open for publikum, men han er no, som ein del av Ibsenmuseet, stengd for ombygging.
Det er eigentleg berre éin ting eg vil sjå der inne, og det er badekaret til Ibsen. Det har nemleg kome meg for øyra at han var ein badar, som eg sjølv er, og at denne sysselen var så utprega at han bar aukenamnet Vannmannen.
Eg ringer nummeret på heimesida til Ibsenmuseet. Eg vil leggja fram historia mi, seia at eg er ein badekarfanatikar frå Vestlandet. Kan eg berre få kika innom?
Eg har ikkje alltid vore oppteken av badekar. Eg bada som lita, men hadde eit langt opphald frå eg var tenåring og til eg for fem år sidan, i samband med oppussinga av badet, kjøpte mitt eige badekar. Då var eg 30 år. Tjueåra gjekk utan at eg bada fast. No badar eg minst éin gong i veka, helst tre.
Over karet i barndomsheimen min hang ein akvarell. Motivet var ei dame med oppsett hår som sat i eit badekar med løveføter og las i ei bok. Dette festa seg i meg som den ideelle badesituasjonen, i det ideelle karet.
«Om ikkje helsa vert betre, vert du iallfall slankare av eit varmt bad.»
Badekar med andre eigenskapar enn å skulle fyllast med varmt vatn har aldri appellert til meg. Boblebad med knappar som vert øydelagde, og dyser som må reinsast, har eg aldri ynskt meg. Det skulle ikkje stå på luksusen då naboen bygde seg hus for åtte år sidan: Innebygd i badekaret har han både høgtalarar og FM-radio. Nei, det var løveføter på draumekaret mitt.
Dette hadde eg òg med i planane då eg teikna badet for fem år sidan. Eg skissa opp rommet, teikna inn vaskemaskin, vindauge, heksagonfliser på golvet og lyseblå veggar, før eg såg at, nei, blanke løveføter og høg rygg ville faktisk ikkje passa inn her. Det vart for ruvande.
Eg gjekk heller for den noko enklare, flatbrysta og ikkje fullt så høglydte veslesystera til løvefotkaret. Det er kanskje ikkje eit kar du ville snudd deg etter i butikkvindauget, men der det står like under vindauget, og med vaskemaskina i ryggen, kjem det til sin rett.
Alt når eg står opp om morgonen, avgjer eg om dette vert ein badedag. I så fall seier eg det høgt, slik at alle i huset skal vita det: I kveld skal mor bada.
Eg badar berre om kvelden, og det er det fleire grunnar til. Eit varmt bad er ei løn, noko eg skal gjera meg fortent til. Det er dagens dessert. Å bada om morgonen vert som å eta kaker til frukost eller få forskot på løna.
Dessutan er det meir praktisk å bada om kvelden. Eit varmt bad gjer meg døsig. Når eg er ferdig, tek eg på meg nattklede. Alle avtalar eg måtte ha etter å ha bada, er innomhus. Badet er ein god start på kvelden.
Kva eg gjer i badekaret? Eg skodar på navlen min.
På barneskulen skulle me teikna Adam og Eva i Edens hage. Eg teikna dei utan navle. Michelangelo teikna navle på Adam i «Adams skaping», og eg anar ikkje kvifor. Berre pattedyr som har fått næring frå ei morkake i fosterstadiet, har navle.
Navlen er teiknet på at eg ein gong levde slik, i ein menneskeleg flytetank, før eg skrikande og motvillig vart kasta ut med fostervatnet.
Når det kjem til badevatnet, er eg purist. Det finst mykje gøy i salt- og oljesegmentet ein kan blanda i vatnet, og det har gjerne ein fin logo og høg pris. I badevatnet mitt har eg ei handfull havsalt av merket Jozo, kjøpt i ein fireliterspose på butikken til tjue kroner. Eg kan òg finna på å hella i ein skvett Idun eddik. Det skal, i motsetnad til alskens såper, vera bra for huda.
At eg vert liggjande og marinera meg i mitt eige kroppsavfall, plagar meg ikkje. I sommar såg eg eit program om Einar Økland på fjernsynet, der han snakka om å skriva av seg.
– Å skriva er som å tappa ut or badekaret. Om det er noko grums på botnen, så kjem det frå deg som var oppi der.
Hadde eg vore russ i dag, ville eg ha skrive det på russekortet mitt.
Ser ein bak i historia er ikkje det å bada ein privat syssel. I Romarriket var det store offentlege badehus, å bada var vel så mykje sosialt. I England er ein heil by, Bath, kalla opp etter det romerske badeanlegget.
Då Romarriket fall, fall òg reinsemda blant folk i Vesten. Me slutta å vaska oss, gløymde røyrleggjarkunsten og byrja å blanda kloakk med drikkevatn, før me over tusen år seinare fann opp krutet på ny, nemleg at det løner seg å vera rein. I Noreg måtte det ei krise til.
Stor folkeauke med fylgjande stor fattigdom gjorde at epidemiar som lepra og kolera fekk god grobotn på 1800-talet. Dårleg helse vart kopla til dårleg hygiene. For at folk flest skulle få reingjera seg, vart folkebad bygde rundt om i landet.
I 1860 kom sunnheitslova, som førte med seg at alle kommunane i landet fekk det me i dag kallar smittevernlegar. Fram til då hadde hygiene, sjukdom og smitte vore saker for politiet, ikkje legane. Det var rettleiing og hjelp, ikkje straff, som viste seg å vera mest effektivt. Det minner til forveksling om grunnprinsippet i den aktuelle rusreforma.
Mi form for bad er ikkje sosial i det heile. Eg kan ikkje tenka meg noko verre enn å sitja naken med Brutus og konspirera om å ta Cæsar av dage. Nei, eg har aldri kjent ei dragning mot å bada i fellesskap, eller veksla mellom iskaldt vatn og gloheit sauna, sveitta saman med andre medan me slår oss sjølve på ryggen med bjørkeris.
Min er den personlege, dekadente, borgarlege bademåten, der eg ligg med eit glas vin i handa og er navleskodande. Eg badar ikkje for ei høgtid, eit kyrkjebesøk eller av helsegrunnar. Eg badar for meg sjølv.
Det ser eg føre meg at Ibsen gjorde òg, på innsida av desse murveggane. Eg ringer to gongar, men dei svarar ikkje i andre enden.
Akk ja, eg har sett badekaret hans tidlegare, men berre på fjernsyn. Erling Borgens produksjon Ibsens badekar frå 2006 handlar i grunnen meir om Ibsens gardiner og andre interiørartiklar. I den halvtimelange filmen fylgjer me forskarar og kuratorar frå Norsk folkemuseum som med stor entusiasme finn tapetrestane og stoffbitane som til saman dannar husværet til Ibsen, slik det skal ha sett ut i tida før han døydde i 1906.
Staten fekk fyrst tilbod om å kjøpa nasjonalskatten som husværet var, men takka nei. Inventaret vart spreitt for alle vindar. Badekaret hamna på Hadeland som drikkekar for kyr – ei av dei mest meiningsfulle omskuleringane eit møbel kan ha, spør du meg. Ibsens heim vart kontor, mellom anna til forsikringsselskap og tannlege, fram til skodespelar Knut Wigert (1916–2006) kom på banen i 1990 og byrja prosessen med å henta husværet attende til det det ein gong var.
Ofte treng ein berre ei eldsjel for å få badeballen til å rulla. I Oslo var det Wigert som gjorde at badekaret til Ibsen vart restaurert, lyssett og fotografert i studio før det fekk nytt liv som museumsgjenstand. I Odda var det forfattar Marit Eikemo som fyrst tok initiativet til å blesa støvet av det gamle Sentralbadet, som i dag er litteraturhus. Bygget frå 1908 vart gjort om til ein fellesgarderobe i 1937, slik at arbeidarane skulle sleppa å gå sotete heim og skitna til bikubane sine.
Her må det ei presisering til. For det var ikkje å bada, altså vera dekt av vatn, arbeidarane gjorde i Sentralbadet. Dei dusja og fekk vatnet i strålar over seg. Formålet var å verta rein.
«Store tankar og idear har kome til i badekaret.»
Då landet skulle byggjast opp att etter krigen, var det med badekar i dei nye blokkene, og eitt etter eitt vart folkebada avvikla. I tillegg til sjølve krana var det eit handhalde dusjhovud på armaturen. Ein kunne såleis dusja seg i badekaret.
I 1953 presenterte tyske Hans Grohe oppfinninga Unica, den fyrste vegghengde dusjstonga som kunne justerast i høgda. Patentet gjorde at ein kunne ha begge hendene ledige når ein gjorde seg rein.
30 år seinare skulle vaskemaskina, som lenge hadde stått i ein felles vaskekjellar, flytta inn i dei same husværa. Det vart dårleg plass på badet, nokon måtte gå. Eit dusjhovud på veggen tok ikkje stor plassen. Badekaret var det svakaste leddet, adjø.
At badekar må vika for ei vaskemaskin, har eg forståing for. Det same gjeld når folk vert eldre eller sjuke og ikkje kan bruka karet sitt meir. Men at unge, friske folk i dag byggjer seg nye einebustadar utan badekar, er hol i hovudet.
Det er ei utbreidd misoppfatning at å bada er same oppleving som å dusja, berre meir plass- og tidkrevjande.
Folk som ofte tek varme bad i badekar, har betre helse og lågare risiko for å døy av hjartesjukdommar og hjerneslag. Det kunne ei forskargruppe frå Osaka Universitetet i det store badelandet Japan fortelja i fjor. (Ei tankenøtt: Finst det ein japansk film der dei ikkje badar i badekar? Eg trur ikkje det. Uansett kor fattigsleg og kummerleg dei har det, finn dei alltid ein måte å blautleggja seg på.)
Sjølvsagt kjem Twitter-legen Wasim Zahid på banen og seier at det kan henda badekarbadarane i studien var friske og hadde god helse frå før av, at dei som ikkje bada, kanskje lét vera nett på grunn av den dårlege helsa si. Bla, bla, bla.
Om ikkje helsa vert betre, vert du i alle fall slankare av eit varmt bad, ifylgje forskarar ved Universitetet i Loughborough. Ein time i rundt 40 grader gjev eit kaloritap på 140, noko som tilsvarar ein gåtur i 30 minutt. I tillegg søkk blodsukkernivået med 10 prosent i badekaret. No er ikkje eg Twitter-lege, men eg reknar med at det er positivt?
Ja, det tek meir tid å bada enn å dusja, det kan eg ikkje krangla på. Å tappa i badekaret mitt til ynskt mengd tek ni minutt. Det er like lang tid som 80 prosent av oss bruker når vi dusjar, ifylgje tal frå marknadsanalytikaren Opinion.
Eg tappar ikkje i karet om eg har ei avtale om tjue minutt. Når eg piner meg oppi det litt for varme vatnet, skal eg ikkje noko anna dei neste to timane.
Å nyta eit bad er ikkje alle unnt. Mange får det ikkje til. Dei misser tolmodet i det varme vatnet og vil opp att, eller dei ser på timane i karet som bortkasta. Tida kunne dei ha kasta vekk på andre ting. Det er ikkje så lenge sidan det gjekk opp for meg at å bada er noko ein må vera flink til.
Eg kjenner meg aldri så mykje som meg sjølv som når eg ligg i eit varmt bad, skriv Sylvia Plath i Glassklokken. Det trur eg på. Folk som ikkje vil kjenna seg sjølv, unngår å bada.
I likskap med Plath mediterer eg i badekaret. Eg er ikkje god til å sitja i ro og meditera. Det å ikkje tenkja, eventuelt berre tenkja på å pusta, slit eg med. Men i badekaret er det lett.
Eg trekker hovudet under vatn og lèt berre nasen og munnen stikka opp. Slik er det umogeleg å tenkja på anna enn pusten. Augo er lukka, og alt eg høyrer under vatnet, er lyden av hjarteslaga mine. Dei læt ikkje slik dei høyrest ut i eit stetoskop, som to tette slag etter kvarandre, og slik Plath skildrar sine: eg er eg er eg er. Under vatn læt det som når ein høyrer hjartelyden til eit foster med ultralyd. Kvart slag er ein svisj, som lyden av ein pinne du slår gjennom lufta. Eg eg eg.
Når eg har lege slik ei stund og lytta til hjarteslaga mine, går eg opp att og ser vidare på navlen min.
Det er i grunnen trist, det dårlege ryktet navlen han fått i språket. Mannen min var blant dei siste som tok førskulen for sivile tenestepliktige ved Hustad leir i Møre og Romsdal, før denne administrasjonen vart lagd ned i 2004. Der var han i to dagar, og om nettene låg han nedst i ei køyseng. Under senga over han stod det: «Hustad er som verdas navle. Eit ubrukeleg hol.»
Parallelt med å vera ein stad for sjølvdyrking og velvære, er badekaret ei krimscene. Utan å røpa for mykje ana eg uro med ein gong det var snakk om eit spesialbestilt badekar i romanen Dei sju dørene av Agnes Ravatn.
Å bada er livsfarleg. Berre spør The Doors-vokalist Jim Morrison. Han vart funnen død i eit badekar i Paris for 50 år sidan, 3. juli 1971. Googlar du badekar og død, kjem det opp fleire hundre tusen treff, og det er visst ikkje fønaren som er vatnets verste fiende lenger: «24-åring skulle bare sjekke mobilen i badekaret – døde brått», melder TV 2.
Store tankar og idear har kome til i badekaret. Den kanskje mest kjende er lova om oppdrifta. Den greske matematikaren Arkimedes hadde fått i oppdrag av kongen å finna ut om den nye krona hans var i reint gull, eller om ho var falsk. Etter seiande låg Arkimedes i badekaret og kjende på oppdrifta si då han kom på korleis han kunne rekna volum av ein gjenstand som ikkje kan målast.
– Eureka! Eg fann det, skal han ha utbrote, før han spratt ut av karet for å fortelja kongen om det.
Det skal så ha blitt klart at den nye krona til kongen ikkje var i reint gull, slik gullsmeden hevda. Korleis det gjekk med gullsmeden, seier ikkje historia noko om.
Om Henrik Ibsen låg i badekaret då han kom på å forgifta vatnet i folkebadet i En folkefiende, ser eg ikkje vekk frå. Eg ser heller ikkje vekk frå at Steven Spielberg låg i badekaret då han kom på å laga ein film inspirert av En folkefiende, nemleg Haisommer frå 1975.
Éin ting er iallfall sikkert: å skriva om badekaret mitt, ramma inn i ei forteljing om badekaret til Ibsen, den ideen kom eg på i badekaret.
– Eureka!
May Linn Clement
May Linn Clement er fast teiknar i Dag og Tid.
Les også
Teikning: May Linn Clement
Faste eller frie lansar?
Les også
Teikning: May Linn Clement
Kva er meininga med permisjonslivet?
Les også
Teikning: May Linn Clement
I gode og vonde arbeidsdagar
Les også
Tekning: May Linn Clement
Evolusjonen til ein lokalavisjournalist
Les også
Bestemor Klara, mor mi Liv og hunden Bonso på det nymåla kjøkenet tidleg i 1970-åra. Overskåpet med skyvedører heng framleis på lemen. Biletet er teke på skrått, sikkert for at det skulle sjå kult ut i albumet.
Eit kjøken som kler huset
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)