JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Nye gleder i nyvølt hus bygt av jord

På Liland, ikkje langt frå Singsås i Gauldalen i Trøndelag, sit Per Bjørn Foros smilande i eit restaurert hus av stampa jord. Romma fyller hans økologisk innretta sjel med glede. Han kallar det sitt slott.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forskaling til veggene av stampa jord vart sikkert laga på fleire måtar. Det er lite og utydeleg dokumentasjon å finne, mellom anna om kva som heldt forskalinga saman nede. Platene var laga av liggjande bord, og dei flytte det heile opp etter kvart som veggene voks. Døme på stampereiskap til høgre.

Alle illustrasjonar: Erik Solheim

11111
20240802

Restaurering

Erik Solheim har i ein del år hatt restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Huset er no i stand til å stå lenge, og som nytt i 1953 var det reist av jord som fanst på staden og med minimal innsats av kjøpt energi. Forbruket av knappe naturgode kan neppe bli stort mindre.

Huset er friskt og godt å vere i, seier eigaren. Veggene held godt på heten om det sloknar i omnen. Men om huset er nedkjølt, tek det lang til å få det lunt inne. Det høver best til samanhengande bruk.

Etter krigen var det rasjonering på trematerial, og han var dyr. Mange som hadde bruk for eit hus å bu i, hadde meir arbeidskraft enn pengar. Mannen som bygde på Liland, var onkelen til Per Bjørn, Per Foros. Han hadde vakse opp på ein husmannsplass og drog derifrå med allsidige evner og stort pågangsmot. Tidleg prøvde han journalistikken og var ei tid redaktør av Arbeidets Rett på Røros. Men det meste av yrkeslivet var han byggmeister i gjenreisingstida.

Mitt slott, kallar dagens eigar det restaurerte huset med vegger av stampa jord.

Sjølvteikna, sjølvgjort

Per Foros var flink med hendene og likte det praktiske, det konkrete. Vindauge og dører til huset sitt snikra han sjølv med handverktøy, likeins det meste av bord, stolar og anna inventar. På Liland ville han vise andre at det lèt seg gjere å byggje billege hus med låg innsats av energi og andre knappe gode. Jord, stein og tre var det han trong mest av. Sjølv budde han i eit enkelt uthus medan han reiste heimen sin.

Jordstampa hus hadde han fått kjennskap til i Amerika, under ein tur for å vitje slektningar. Heime att fekk han tak i ei svensk bok som gav han kunnskap nok. På tomta sette han i gang i 1952, og tre år etter flytte han inn. Teikningane hadde han tenkt ut sjølv.

Først grov han ut plass til kjellar. Dei ytre måla er 7,2 x 11 meter, og kjellaren er av gråstein og litt betong. Han rekk ein halv meter eller så over marka. Dette er fundamentet for dei jordstampa veggene. 40 centimeter tjukke er dei og går like til mønet i det halvanna høgd store huset.

Jorda han grov ut, var vanleg morenejord som ligg i dagen over det meste av landet. Dette er jord som breane gnura laus av fjellet og la på plass under den siste istida – ei blanding av leire, silt, sand, grus og stein.

Ny interesse

No har arkitektstudentar fått interesse for denne byggjemåten. I staden for at jord som er til overs på byggjeområde, vert dumpa som avfall, kan ho bli til nye hus. Det er éin av tankane som to i faget har lansert, Katarina Kierulf og Alvar Elias Ekhougen Larsen. Dei leverte ei diplomoppgåve om saka og fekk ein pris som heiter «DOGA-merket nykommer», for arbeidet.

Om lag ein tredel av husa i verda er av jord eller ubrend leire. I Noreg var byggjemåten kjend på 1700-talet. Då hadde det lysna i mange skogar etter det vi i dag ville kalle rovhogst. Men nokon fart i bruken av jord og leire til bygningar vart det ikkje før i 1920-åra. Tanken fekk størst tilslag i Akershus, Hedmark og Oppland, med ein avleggjar i Nord-Noreg, mest i Troms. Museet i Akershus registrerte rundt 2010 slike hus i fylket, alt frå villaer til verkstadbygningar. Dei fann 45. Av dei stod 38 framleis, sju var vekke.

I den mest aktive jordhus-perioden frå 1920-talet og utover vart det samla og spreidd ein god del kunnskap om byggjeteknikken og korleis jorda burde vere. Høveleg innhald av leire, opp til 10 prosent, var viktig for å få veggene til å stå støtt og vare. Mengda av leire måtte høve med resten av innhaldet i massen. Laboratoriet i det som heitte riksvegkontoret, tok jordprøver for dei som ville byggje. Her fekk Foros råd om å auke leirinnhaldet med 3 prosent. Vidare skulle jorda vere fuktig, men ikkje våt. I regnvêr og like etter mykje nedbør kunne dei ikkje byggje. Til å reise veggene fekk han hjelp av mange i slekta.

Forskaling

Først var det å snikre ei kraftig forskaling på murane og så fylle jord og stein oppi. Etterpå dunka dei den lause massen i hop med handemakt, omfar for omfar, nokre desimeter i slengen. På Liland brukte dei ei plate som var festa til ei trestong og om lag like brei som veggen var tjukk. Andre brukte eit spinklare trestykke, fire–fem tommar (10–12 cm) firkant og 50–60 cm langt. Den nedre enden var dekt av ei tynn jarnplate. Eit rundt skaft oppover hadde dei å halde i.

Når forskalinga ikkje hadde plass til meir jord, løfta dei ho opp til neste påfyll. Opningar for dører og vindauge var avskjerma på førehand. Taket kvilte på åsar, rundstokkar låg på langs av mønet mellom endeveggene. I første høgda låg golvbjelkane på kjellarmurane, loftet hadde bjelkar som stakk ut i veggene av jord.

Utvendig strauk Per Foros steinkoltjøre på veggene så dei vart glatte, og etterpå raud måling. Dette gjev ei blank overflate som ikkje slepper inn vatn, men yta er ikkje tettare enn at damp innanfrå finn vegen ut. Nokre ventilar i veggene slepper inn frisk luft om det trengst. Innandørs vart veggene kvita med brend kalk blanda ut i vatn. På ein delevegg er det limt papir som vart måla. Ein peikepinn om arbeidsmengda gjev opplysningar om nokre som bygde ei fjellhytte, sju meter lang, fem meter brei og to meter høg. Etter ei veke hadde fire mann fått opp veggene med tak over.

Når jorda med små og store partiklar vert pressa hardt saman, er det ulike krefter som held jorda fastare i hop enn om massen er laus. Det kan likne på det fenomenet at ein negativt ladd partikkel dreg til seg ein positiv. I Midtausten står det slike bygningar som er seks–sju etasjar høge.

Dersom leire var dominerande på byggjeplassen, måtte dei bruke ein annan framgangsmåte enn å stampe. Då laga dei firkanta blokker av leira, etter å ha blanda inn armering av kutta halm, treflis eller anna. Så fekk blokkene tørke før dei la dei i hop til murar. Slik bygde dei fleste i Akershus. Ein stor og staseleg hovudbygning kom opp på Skinnarbøl herregard aust for Kongsvinger i 1840-åra. Delar av veggene er stampa jord, andre er av tørka leire. I 1923 vart huset freda, og det står framleis.

«Egne hjem»-rørsla

Tidleg på 1900-talet kom det i gang ein nasjonal innsats for å skaffe folk og land meir dyrka jord. Ny jord – eit selskap «for landets indre kolonisasjon og emigrasjonens innskrenkning» – vart skipa i 1908. Dei kjøpte opp dyrkingsmark og gav tilskot til bureisarar. Til midt i 1930-åra vart det dyrka 180.000 dekar på 10.000 bureisingsbruk, flest i Nordland, Troms og Hedmark. På slike plassar burde hus av jord høve, hevda mange. Jorda gav billegare hus enn treverk, og dei isolerte godt om vinteren.

Småbrukslærarskulen på Sem i Asker arrangerte kurs i bygging med vegger av stampa jord. Det vart skrive bøker og artiklar, og arrangert møte til støtte for saka, også i Oslo og andre urbane strok. I byar og andre stader med industri kjempa «Egne hjem»-rørsla for at arbeidarane skulle få seg hus dei åtte i staden for å leige under tronge og usunne vilkår. Det vart skipa sjølvbyggjarlag, og nokre valde jordstampa hus.

Åstaket kviler på dei jordstampa tverrveggene.

På landsbygda var innsatsen for slike heimar ein del av småbrukarrørsla. I 1930 godkjende Noregs Småbruk- og Bustadbank jord som byggjemateriale. Det kom eit nasjonalt program for nydyrking og spreidd busetjing. I 1951 fekk Bustaddirektoratet eit eige kontor for jordhus. Fleire enn før valde dette alternativet. Men mot slutten av 1950-åra var det over med den offentlege godviljen. Interessa for hustypen dabba òg av. Trematerial vart lettare tilgjengeleg, og prisane fall.

Vølinga

Då Per Bjørn Foros i 2012 tok tak i huset som onkelen hadde bygt, hadde det stått tomt i over 30 år. Skogen hadde grodd heilt innåt veggene, og huset var innestengt i rått klima. Slikt er problem nummer éin for sånne hus, seier eigaren. Her og der hadde veggene teke skade. At det dukkar opp små sprekkar, er vanleg og ikkje noko å bry seg om, har han fått vite av fagfolk. Men no hadde såra vakse til breie renner. Ein del av golvet over kjellaren hadde rotna i innestengd luft.

Nokre bjelkar måtte dei skifte. No er det lufteluker inn til treverket i golvet. Det berande i bygningen, veggene, stod likevel stødig. Skadane var langt frå kritiske. Det tok likevel fem år med bolkevis arbeid før alt var som det skulle. Kulturminnefondet gav økonomisk stønad, og han fekk romsleg hjelp av slektningar og vener. Fagfolk gav råd og oppskrifter for vølinga og tok seg av vanskeleg arbeid.

Først var det å hogge ned trea som hadde kome for nær. Etterpå grov dei drenering rundt huset og laga fall vekk frå murane slik at vatnet ikkje kom innåt dei. Det neste var å leggje nytt tak av teglstein, delvis på nytt tro. Nye takrenner av alfure og nye vindskier måtte til. Så var det veggene. Alt av laus jord vart fjerna. Etterpå var det å dytte inn ny masse, lag på lag. Fyllet måtte få tørke mellom kvart nytt lag. Etter at veggene igjen var slette, strauk dei på tjøre, denne gongen tretjøre.

Ein periode stod huset svart og blankt før det igjen fekk raud måling utanpå. Dette er tranmåling – fiskeolje med pigment i. Oljen vert til ved å fylle lever frå torsk eller andre fiskeslag i ei tønne og late ho stå. Då vil oljen flyte opp – og berre han vert brukt i måling – og resten søkk til botnen. Oljen vert også kalla lyse; han gav lys frå oljelamper. Vanlege pigment var engelsk raudt og oker, begge heller billege. Linolje var dyrare enn tran og dessutan knapp tilgang på etter krigen, då Per Foros bygde. Lyse har mindre molekyl enn vanleg linolje og trengjer betre inn i treverk. Målinga slepper ut fukt i treverket – og jorda – som difor ikkje tek skade av væte. Innvendig er jordflatene kvite av kalkpuss, og på nokre mindre flater strauk dei linoljemåling på papir. Treverket i vindauga var like godt etter over 60 år, dei trong berre litt kitt og ny måling.

Eit minnesmerke

I 2017 fekk Per Bjørn Foros plakett frå Kulturminnefondet for godt arbeid med å ta vare på huset. Fondet hadde òg ytt tilskot. Dette er det einaste jordhuset i Trøndelag som har meir enn ei høgd. Kulturminnefondet la vekt på at huset er eit minnesmerke over ein byggjemåte som gav mange ein stad å bu i tider med stor bustadmangel. Dei ser det òg som eit minnesmerke over ein særeigen person, han som reiste huset og gav det sitt personlege preg.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis