Røyster i mindretal
Jon Fosse takka språket for Nobelprisen. Svenska Akademien hylla han for dikting som gir røyst til det useielege, og såg bort frå alt av språk- og kulturpolitikk. Slik har det ikkje alltid vore.
Plakat med Jon Fosse-portrett på standen til Rowohlt Verlag på bokmessa i Frankfurt 2023.
Foto: Arne Dedert / DPA
«Dette var stort», skreiv Svein Terje Vestbø på Facebook torsdag 5. oktober. 2 timar og 18 minutt hadde gått sidan den ovale, blankpussa dørvridaren i messing blei dreia rundt frå innsida.
Einkvan opna døra for den ständige sekreterare i Svenska Akademien. 45 sekund seinare hadde han sett delar av Noreg på ende. No delte pensjonisten i Vikebygd ein gratulasjon frå Noregs Mållag.
I eufori
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.