JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Søkke imponert

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ove Arild Orvik har samla og kvalitetssikra arven etter Hallfrid Christiansen.

Foto: Asbjørn Hjelle

2662
20240516
2662
20240516

redaksjonen@dagogtid.no

Ove Arild Orvik er den som har tatt initiativ til, samla og kvalitetssikra arbeidet med Nordnorsk ordbok. Arven etter Hallfrid Christiansen (Utenfor Allfarvei Forlag). Han er opphaveleg frå Romsdalen, men har dei siste tiåra arbeidd som norsklektor på Sortland. Tidlegare har Orvik, som no er pensjonist, laga to regionale ordbøker frå Vesterålen.

– Først må eg nesten få takke for at du, heilt på eiga hand, har lagt ned eit formidabelt arbeid over mange år. Nordnorsk ordbok er utan tvil ei viktig hending for alle som er opptatt av norsk og nordnorsk språk og kulturhistorie. Kva fekk deg til å starte på prosjektet?

– Det tok til med at eg var på eit foredrag med språkforskaren Gunnstein Akselberg i 2018 i Stokmarknes, om Hallfrid Christiansen. Eg kjende til ho frå før, men innsåg først no kva for kapasitet ho var, og for eit enormt arbeid ho hadde gjort. Eg visste det ville bli overveldande å samle alt frå arkivet hennar og få det inn i ei bok, og eg var i tvil. Da kona sa: «Denne boka ska du skriv», så sette eg i gang.

– Du gjekk til originalarkivet hennar og plukka ut kvar innføring derfrå, ord for ord, slik eg har skjønt det?

– Ja, slik er det. Det blei mange turar til Riksarkivet, og spesielt til Norsk målførearkiv i Bergen. I den ferdige utgåva er det med om lag 6000 ord. Orda frå Finnmark er henta frå tolvbandsutgåva av Norsk Ordbok og diverse andre kjelder. Som Aasen kom Christiansen seg aldri dit, helsa svikta ho.

– Korleis vil du vurdere kvaliteten på arbeidet hennar?

– Eg er søkke imponert. Ivar Aasen er berømt for det store språktalentet sitt. Men Hallfrid Christiansen var like dyktig som Ivar Aasen. Hadde ho fått starte 20 år tidlegare og ikkje blitt motarbeidd, kunne ho hatt eit stort namn og kanskje fått ferdig livsverket sitt, altså Nordnorsk ordbok. Ho var sjølvstendig, innførte nye teoriar til Noreg og var ekstremt sjølvsikker og ambisiøs fagleg. Dessverre blei dette brukt mot ho. I tillegg var ho kvinne og kom nordfrå. Eg kom over eit radioopptak med ho og var spent på korleis det høyrdest ut. Til mi overrasking snakka ho søring. Ho måtte nok det for å bli akseptert, og kanskje til og med forstått.

– Språket er i stadig endring, og mange av orda i Nordnorsk ordbok, som blei samla inn for rundt 70 år sidan, er ikkje lenger i aktiv bruk?

– Ja, mange av orda som var i dagleg bruk i 1940- og 1950-åra, da Nord-Noreg enno var eit sjølvbergingssamfunn, er gått ut av språket. Nye tider, med strukturelle endringar, ny teknologi og nye verdiar, pressar gamle ord ut av språket.

– Det gjer ikkje boka mindre interessant.

– Eg trur heller ikkje det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis