JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

«Det er rart berre å forsvinne utan å seie ha det, men så kjem Bjørn på at han ligg under sofaen.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3321
20241018
3321
20241018

Frank Tønnesen er låtskrivar og musikar. I denne spalta skriv han om hendingar og tankar som fell han inn.

Gje lyd

Bjørn må vente ei god stund før Sigrid kjem. Føtene hennar trampar over stovegolvet. Han ligg heilt roleg under sofaen og godtar seg. Ho seier namnet hans, men Bjørn svarar ikkje, ligg nærmast og held pusten.

Planen var eigentleg å gøyme seg bak gardinet, men då hadde Sigrid sett at det bula ut, og skjønt teikninga med ein gong.

Skapdører opnar og lukkar seg. Det klirrar i skuffa med bestikk. Ho er på kjøkenet. Bjørn synest det er merkeleg at kona ikkje seier eller roper namnet hans fleire gonger. Etter kvart vurderer han å lage ein svak pipelyd, men slår det frå seg når ho plutseleg kjem inn att i stova og set seg til i sofaen, det er berre så vidt han klarer å halde seg frå å le.

Bjørn kjenner tyngda hennar, når fjørene i sofaen gjev etter. Det er ikkje mykje plass å boltre seg på no. Føtene er rett framføre andletet, Sigrid har på seg tjukke, mørkeraude strømper, heimestrikka.

Etter lydane å døme sit ho og et, det som Bjørn alltid får kjeft for å gjere ved stovebordet. Han høyrer ein rap, og det drysser smular ned på golvet. Så reiser ho seg og går, ytterdøra smell att. Prøver ho å øydeleggje den døra? Det er rart berre å forsvinne utan å seie ha det, men så kjem Bjørn på at han ligg under sofaen.

Tippar Sigrid skal av stad for å leite, tenkjer han. Kanskje er ho bitte litt redd for meg likevel? Håper berre ikkje himmel og jord blir sett i rørsle.

Bjørn blei svolten sjølv av å høyre på at kona nærmast sat oppå han og gomla. Kva som helst hadde vore godt, men han finn ikkje noko under sofaen som freistar, skulle hatt med niste, men når han ikkje har det, er det berre å halde ut.

Etter kvart sig det på, Bjørn duppar av og vaknar fyrst når nokon tek i døra. Ei stemme spør om det er folk der. Han høyrer tunge steg og skimtar eit par svarte sko som stoppar der stova byrjar.

– Er det folk, spør stemma ein gong til.

Det liknar på stemma til onkel Rune, typisk han å gå rett inn med sko utan å ringje på. Men det blir for dumt å krype fram no. Bjørn rører seg ikkje. Kan ikkje ta sjansen på å skremme livet av onkel Rune heller.

Rune byrjar å plystre på ein melodi Bjørn ikkje kan komme på kva er, så går han ut att, startar bilen og køyrer av stad.

Alt blir ein vane, men sjølv om ein passar på å skifte stilling, er det ikkje behageleg å liggje for lenge under ein sofa. Skulle hatt med ei bok, men Bjørn tenkte ikkje så langt, trudde ærleg talt at Sigrid ville oppdage spøken ganske fort, men ho stakk jo av, og no er det snart kveld.

Sjølv om det ikkje blei akkurat slik han hadde tenkt, vil Bjørn prøve å halde ut ei stund til. Kan ikkje røpe seg no og øydeleggje alt.

Når Sigrid kjem heim att, er det framleis ikkje nokon panikk å spore, og det skjer ingenting før ho finn ut at det er nok, og sløkkjer alt lys, både i stova og på kjøkenet. Bjørn høyrer gurgling frå badet. Det er rart ho ikkje ber han om å gje lyd. Kroppen er stiv og støl. Kleda er fulle av lodottar, og buksa har vridd seg heilt til den eine sida. Sigrid går opp på soverommet og legg seg, altfor trøytt til å lese.

Kor lenge har den tosken tenkt å liggje der, tenkjer ho.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis