Reportasje
Ei draumeverd i stein
TIVOLI: Hadrians villa var ein geografisk temapark der kunst, arkitektur og landskap frå heile Romarriket blei attskapt.
Canopus er det mest kjende motivet i Hadrians villa. Hageanlegget, som symboliserer Nilen, har i dag gått over sine breidder etter styrtregnet.
Alle foto: Sjur Haga Bringeland
SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No skriv han ut reisedagbøkene sine.
Det er ein enkel og sikker måte å datera romerske keisarhovud på: Har bysten skjegg, er keisaren frå etter 117 e.Kr. Dette året blei nemleg Hadrian utropt til imperator, og med han byrja den keisarlege moten som skulle vara eit godt stykke ut i det komande hundreåret.
Kvifor skjegg? Ein spydig oldtidsforfattar hevda at Hadrian slik kunne skjula kvisene sine. Det kan ha hatt nostalgiske grunnar, for dei beinharde militærheltane i Romas tidlegaste historie var skjeggete. Men mest truleg var det for å etterlikna dei greske filosofane og slik gje den romerske keisarmakta eit nytt, intellektuelt image.
Hadrian elska og ovundra i alle høve Hellas og hellenarane. Han var truleg fødd utanfor Sevilla i Spania, og då han kom til Roma, gav det gamle romerske aristokratiet den provinsielle parvenyen kallenamnet Graeculus. Diminutiven tyder «veslegrekaren». Eller «wannabe-grekaren».
Arkitekturelskar
Då Hadrian kom til makta som 41-åring, var Romarriket på sitt største. Men ulikt forgjengaren, keisar Trajan, ville han ikkje utvida riket endå meir gjennom nye felttog. Han prioriterte å konsolidera det gjennom definerte grenser, noko Hadrians mur i Nord-England er eit uttrykk for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.