Ein kalkun på ville vegar

Er det berre merkevarebygging som ligg bak framlegget om å endre Turkey til Türkiye?

Korfor heiter landet og fuglen det same på engelsk? Og kva seier tyrkarane?
Korfor heiter landet og fuglen det same på engelsk? Og kva seier tyrkarane?
Publisert

Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan kunngjorde nyleg at han vil erstatte det engelske namnet på landet, Turkey, med den tyrkiske stavemåten Türkiye fordi det «betre representerer kulturen, sivilisasjonen og verdiane til landet enn variantar som Turkey, Turkei, Turquie».

Slett ikkje alle tydingar av det engelske ordet turkey er like flatterande. Grunntydinga er den store fuglen som me kallar kalkun, og som amerikanarar og britar fablar om å ete på Thanksgiving og i jula, slik ein vestlending fablar om pinnekjøt og kålrabistappe.

Men det er nok ei av dei andre tydingane av turkey Erdogan har sett i halsen, nemleg den at turkey også kan tyde ein flopp eller ein fiasko. Men korfor heiter landet Tyrkia og kalkun det same på engelsk? Og kva kallar tyrkarane då ein kalkun?

Ein tyrkisk kalkun

Turkey hen var ein type fugl som vart importert frå Madagaskar via Tyrkia. Då kalkunen vart oppdaga i Nord-Amerika, vart han heitande turkey fordi ein trudde han var av same slekt.

Den andre tydinga av turkey – noko som er mislukka, ein flopp – er yngre. I amerikansk og fransk slang er kalkun ein person som er dum, treg eller inkompetent. Kanskje har det noko med at kalkunar ikkje er særskilt elegante: ikkje kan dei fly, og dei har blitt oppfatta som dumme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement