Språk
For full maskin
Sand i maskineriet er upopulært, særleg om det råkar ei verksemd som i utgangspunktet er ei pengemaskin.
Teikning: May Linn Clement
Folk flest har ein stor maskinpark i heimen. Då er det ikkje tale om flygemaskiner, gravemaskiner, løypemaskiner eller slåmaskiner, endå det radt finst folk som har slikt òg. Nei, i heimen har me helst maskiner som høver til innandørs bruk, som oppvaskmaskin, vaskemaskin, kaffimaskin og stiftemaskin. Maskingevær er det takk og pris få av oss som har ståande.
Maskin kom seg inn i Norsk Ordbog (1873), men ikkje for eiga maskin: Ivar Aasen sleppte det inn. Skrivemåten i landsmål var med trykklett vokal i enden: ei maskina (som i ei kona, ei visa), ikkje ulikt dansk maskine, tysk Maschine, fransk og engelsk machine og latin machina.
I dag er endingsvokalen i linne hokjønnsord e, so då hadde det vorte ei maskine. Men som me veit: Den offisielle skrivemåten i nynorsk og bokmål (og svensk) er maskin. Ordet er hankjønn i bokmål og valfritt hankjønn eller hokjønn i nynorsk. No er me djupt inne i ei økt med maskin-læring, som er noko anna enn maskinlæring.
Maskin kjem frå latin machina, som kjem frå dorisk gresk makhana (‘verktøy, hjelpemiddel’). Ord som mekanikk og mekanisme høyrer til same ætta. Latin machina vart nytta i tydingane ‘stillas, tårn, mekanisk heisegreie’ og biletleg om ‘list, knep’.
Frå teaterverda kjem ordlaget deus ex machina (‘gud frå maskina’). Det viste opphavleg til det at ein gud brått dukka opp i skodespelet ved hjelp av ei innretning som kunne heisa skodespelaren opp og ned. Tydinga er no sterkt utvida, og ordlaget kan nyttast om mange slags (uventa) inngrep utanfrå. Teatera har elles vindmaskin og folk som er gode med symaskin.
Sand i maskineriet er upopulært, særleg om det råkar ei verksemd som i utgangspunktet er ei pengemaskin. Veit maskinistane råd? Mange maskinistar arbeider på farkostar, for maskin vert ofte nytta om ‘motor’. Ein kjem snøggast fram om ein «går for full maskin» (og held seg unna trafikkmaskiner i myldretida). Når ein gjev ordre «til maskina», er det gjerne maskinrommet med mannskap ordren går til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.