Litteratur
Frå woke til antiantiwoke
Noreg har fått si første wokebok: Wokeisme. Forfattaren er ikkje woke.
Lars Erik L. Gjerde (f. 1992) er sosiolog med doktorgrad frå Det europeiske universitetsinstituttet i Firenze i Italia. Wokeisme – det liberale demokratiets nye utfordrer er den første boka hans. Foto: Edvard Thorup / Dreyers Forlag
Click to add byline
Frå bokomslaget
stirar tre auge på deg. Dei liknar auget som prydar nyare utgåver av 1984
av George Orwell. Sosiolog og no forfattar Lars Erik L. Gjerde liker uttrykket designaren
valde.
– Det speler
på det mest kontroversielle poenget eg kjem med, seier han.
– Det er
at woke er orwelliansk.
Wokeismen
er ein tåkeideologi, forklarer Gjerde. Omgrepet er uklart og brukt i hytt og
vêr. Samtidig er det kontroversielt, til og med tabubelagt. Som hos Orwell, som
innførte nytale og dobbeltenking, blir ein tvinga til å akseptere
logisk motstridande påstandar. Krig er fred, og fred er krig, sjølv om det
framleis er slik at krig er krig og fred fred.
«Vi skal
ignorere vår fornuft, men også øynene og ørene våre», skriv Gjerde.
Skyttargravskrig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.