Kunst
Heilagdom i betong
PALESTRINA: Med Fortuna Primigenia-tempelet fridde romarane seg frå hevdvunnen byggjeskikk og omskapte for fyrste gong eit naturleg høgdedrag til kolossalarkitektur.
Det kultiske klimaks: Toppen av Fortuna-tempelet er forma som eit teater. Herifrå skimtar ein på klåre dagar Roma og Tyrrenhavet i vest.
Foto: Sjur Haga Bringeland
SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No skriv han ut reisedagbøkene sine.
Frigidum Praeneste, «det kjølige Praeneste», kalla den romerske diktaren Horats (65–8 f.Kr.) byen. Når sommarvarmen blei for trykkjande i hovudstaden, tok nemleg den romerske overklassen den knapt fire mil lange vegen hit til det dei kalla Praeneste. Byen i regionen Lazio, som no heiter Palestrina, ligg pittoresk langs ein utløpar til Appenninane, fjellkjeda som strekkjer seg som ei ryggrad langs heile den italienske halvøya. Herifrå skimtar ein på klåre dagar Roma og Tyrrenhavet i vest.
Kvifor har eg drege hit? I fjellsida over byens antikke forum, som i dag er marknadsplass, ligg eit av Italias største og mest spektakulære tempel vigd lukke- og lagnadsgudinna Fortuna Primigenia (Fortuna, den fyrstefødde). Hit valfarta romarane for å spørja orakelet om framtida. Og i barokkpalasset, som er blitt reist på toppen av heilagdomen, finst ein av dei største og beste mosaikkane me har frå antikken. Han syner Nilens lange ferd frå fjella til Middelhavet og er spekka med underlege detaljar frå Afrikas eksotiske dyre- og folkeliv. Steinbiletet vitnar om fascinasjonen dei republikanske romarane hadde for Egypt, lenge før dei gjorde landet til romersk provins.
Piazza Regina Margherita
Bur du i Roma, er Palestrina eit fint dagsturmål. Det går nok turistbussar hit, men har du tenkt å gjera turen på eiga hand, så leig deg heller bil enn å satsa på kollektivtrafikken, slik eg freista denne morgonen. Det som skulle vera den siste bussetappen, blei i staden ein dryg fottur opp til gamlebyen.
Utanfor den vesle Gran Caffè på marknadsplassen Piazza Regina Margherita har eg fått meg espresso og skinketoast. Her er lun småbystemning. I større byar er sentrum ofte stengt for privatbilar i våre dagar, men her står dei parkerte tett i tett. Den italienske bilparken er frodigare enn den norske: Friske blåfargar, leppestiftraude og jamvel håpefullt grøne bilar er der mange av, i motsetning til det mørkeblå, svarte og grå som dominerer heime. I klesvegen er det omvendt. Italienarane føretrekkjer mest alltid dempa, mørke fargar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.