Reportasje
Kardinalens tivoli
TIVOLI: I Villa d’Este blir skiljet mellom kunst og natur oppløyst i vatn.
Villa d’Estes mest kjente hagemotiv: tverraksen i hagen med fiskedammar og den triumfbogeforma Orgelfontena øvst bak.
Foto: Sjur Haga Bringeland
SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No skriv han ut reisedagbøkene sine.
Tivoli – ordet gjev assosiasjonar til lukta av popkorn og lyden av kvinande ungar i karusell. Der finst tivoli av det ambulerande slaget, men òg permanente institusjonar, som Tivoli i København og – fram til 1937– Christiania Tivoli, som heldt til i Pipervika i seksti år. Men omgrepet kjem altså frå byen romarane la inn under republikken på 300-talet f.Kr. og kalla Tibur. Sidan endra bynamnet seg til Tivoli. Området er i dag nærast som forstad til Roma å rekna. Stig du på eit direktetog frå Stazione Termini, slik eg gjorde, er du her på ein dryg halvtime.
I antikken bygde den romerske overklassen spektakulære sommarvillaer kring Tivoli-fjella. Lufta har eit kjølig drag, og friskt vatn finst bokstaveleg tala i overflod – akveduktar førte i si tid vatnet til Roma. På ferda frå utspringet i fjellkjeda Appenninane, til ho nord for Roma blir sameint med Tiberen, bryt elva Aniene ut i hissige fossefall like under byen.
Romarane fann her nok av byggjetomter med det vide utsynet dei elska. Den største og mest kjende villaen blei reist av keisar Hadrian kring 120 e.Kr. Denne sommarresidensen var ein geografisk temapark der arkitektur, kunst og landskap frå dei framande kulturane riket hadde hærteke, blei attskapt.
Steinrik kardinal
Med attfødinga av den klassiske kulturen i renessansen tok ein opp att den villakulturen som romerske diktarar hadde sunge om. Og på grunnmurane til ein slik antikk villa blei det mest skilsetjande villakomplekset til: Villa d’Este, som blei påbyrja kring 1560.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.