Kunst

Klangen av Cremona

CREMONA: Å tre inn i fiolinmuseets skattkammer, der gullalderinstrumenta blir oppbevarte, er som å møta ein hær av generalar.

Skattkammeret i fiolinmuseet. I fremste monteren celloen «Stauffer ex Cristiani» (1700) av Antonio Stradivari. Gjennom denne monteren ser me fiolinen «Carlo IX» (ca. 1570), laga av Andrea Amati for Karl IX av Frankrike.
Skattkammeret i fiolinmuseet. I fremste monteren celloen «Stauffer ex Cristiani» (1700) av Antonio Stradivari. Gjennom denne monteren ser me fiolinen «Carlo IX» (ca. 1570), laga av Andrea Amati for Karl IX av Frankrike.
Publisert Sist oppdatert

SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter det ypparste av kunst og arkitektur. No i sommar skriv han ut reisedagbøkene sine.

Fiolinen er allstadnærverande i bybiletet. Dess lenger ein går nedover den lange hovudgata frå jernbanestasjonen til Piazza Stradivari i sentrum, dess oftare ser ein det: Side om side med dei vanlege reklameplakatane for bilar, brennevin og kaffi heng fiolinreklame. Ikkje berre for ferdige instrument, men òg for utstyr ein treng til å laga instrumenta, som ulike trevirke, lakktypar og allslags underleg spesialverktøy. Målgruppa er nok dei unge instrumentmakarane som valfartar til denne lombardiske byen frå heile verda for å vitja Scuola Internazionale di Liuteria di Cremona, fiolinmakarskulen som blei grunnlagd i 1938.

Rett som det er, treffer ein på byens store son, Antonio Stradivari. Ein stad signerer han ein fiolin som nett er ferdig, ein annan stad rekkjer han eit instrument til ein av læresveinane sine, eller han sit tenksamt på ein benk og granskar eit uferdig meisterverk – i gater og parkar finn eg fleire av desse moderne, sjarmerande bronsestatuane i naturleg storleik.

70 delar

Stradivari er symbolet for byens stoltaste handverk gjennom fem hundre år. Er han redusert til ein kommersiell maskot? Nei, for tradisjonen etter han er i høgste grad levande. Arven forpliktar og sørgjer for at cremonesarane ikkje går på akkord med prinsippa sine: Ekte Cremona-fiolinar blir enno laga etter strenge handverksreglar som gjer kvart instrument til eit unikum. Trevirket som blir nytta, er av same slag og kvalitet som på 1600- og 1700-talet, og dei kring 70 delane som trengst for å bygga eit instrument, må alle vera tilverka for hand. Moderne teknikkar som spraylakkering er forbodne. 220 arbeidstimar tek det ein instrumentbyggjar å få ferdig ein fiolin på denne måten. Seks fulle arbeidsveker altså.

Sidan 1996 er det Consorzio Liutai ‘A. Stradivari’ som har stått for kvalitetskontrollen. Denne samanslutninga av 60 felemakarmeistrar har rett til å forsyna nye instrument med varemerket Cremona Liuteria. Konsortiet held høveleg nok hus på Piazza Stradivari 1, der ein etter avtale kan prøva ut nye instrument frå dei ulike verkstadene. Men ein kan òg berre stikka innom for å kikka. Og skjønar felemakarane at entusiasmen deira smittar, legg dei gladeleg ut om fiolinane sine. Eg fekk jamvel servert kaffi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement