Djupdykk i den digitaliserte litteraturen
Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?
Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.
Foto: Julie Pike / Gyldendal
Litteratur
jan.h.landro@gmail.com
Helene Uri, lingvist og forfattar av romanar og sakprosabøker, har alliert seg med forskar Lars Johnsen ved Nasjonalbiblioteket. Saman har dei dukka ned i 18.000 digitaliserte norske skjønnlitterære bøker. Med dette som basis ønskte dei å få stadfesta eller slått hol på ei rad mytar om norsk skjønnlitteratur og å finne svar på spørsmål som kanskje ikkje har vore stilte før.
Etter at Johnsen har grave djupt ned i delar av bokskatten Nasjonalbiblioteket rår over, og Uri har analysert funna, ligg resultatet føre i boka med den underlege tittelen Jeg naken drakk.
– Kva funn overraska deg mest?
– Kor tradisjonelle ord både vi kvinnelege forfattarar og dei mannlege bruker. For meg var det kanskje det det mest iaugefallande resultatet. Det var ganske pussig å kjenne at eg høyrer til ei forfattargruppe som har gråtkvalt som eit mykje nytta adjektiv, medan mannlege kollegaer har internasjonalt, seier ho.
Menn skriv om menn
– Kanskje blei eg òg litt nedstemt av å finne att det tydelege mønsteret eg har funne når eg tidlegare har skrive om språk og kjønn – at menn skriv mest om andre menn, medan kvinner skriv om både kvinner og menn.
Truleg er det det største skiljet mellom kvinnelege og mannlege forfattarar.
– Mest interessant er at det litterære Noreg – med somme heiderlege unnatak – er så dominert av menn. Publikum er jo prega av kvinner, det er dei som lyttar når vi er på scenen, dei les bøkene våre.
Tala frå granskinga til Uri og Johnsen syner at 89 prosent av biografiane skrivne av menn dei siste tjue åra, handlar om menn. Og 88 prosent av nekrologane i 2018. Der finst det ingen tydelege teikn på aukande likestilling, må Uri medgi.
– Eg vonar at desse tala kan vere ein vekkjar, og eg trur på ei betring over tid. Det gode med tal er at ein får fakta på bordet. Så kan ein gjere noko med det, eller i det minste ta det innover seg. Iallfall himle litt med augo og tenkje at ja, ja, slik burde det ikkje vere.
– Finst det ein typisk kvinneleg og typisk mannleg skrivestil, og er ulikskapen mellom dei så stor at det gir meining å skilje mellom dei?
– I utgangspunktet ville eg svart eit klart nei. Det gir ikkje meining å skilje mellom dei. Men resultata syner at det er ganske stor skilnad på korleis kvinner og menn skriv om kropp og sex og begjær. Likevel: Først når vi tyr til statistikken og blar oss gjennom store mengder bøker, kan vi fastslå desse skilnadene.
Meir og meir kropp
– Myten om at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn menn, blir knust. Kom det som eit gledessjokk på deg?
– Det var jo litt gøy å registrere, ja. Likeins at det slett ikkje er vi kvinner som oftast bruker superlativforma av adjektiva. Eg trudde at kvinnene skulle vere mest begeistra, slik som dei er på Facebook.
Granskinga til radarparet Uri og Johnsen syner at naken er det nest mest typiske mannsordet. Då ligg det nær å tru at det er kvinna som er den nakne. Ein slik hypotese stadfestar Uri; kvinna er objektet hos både kvinner og menn, der er det ingen skilnad mellom forfattarkjønna.
– Når fred kjem på femteplass hos mannen, er det kanskje eit ønske om at den masete kvinna skal teie så han får fred?
– Ei slik tolking er litt for dristig til at eg kan stadfeste henne.
– «Det blir mer og mer kropp etter som årene går», skriv du. Er det eit teikn på at vi blir friare og opnare, illustrert med at skjørtet blir kortare?
– Ja, det trur eg. I alle høve handlar det om kva vi kan skrive om i skjønnlitteraturen. Målingane våre syner at det blir stadig fleire kroppsord. Det er ingen dristig hypotese å tru at litteraturen her speglar samfunnet, seier ho.
– Å sjå kor seint bryst kjem inn i skjønnlitteraturen, er overraskande. Eg var sikker på at det vrimla av nakne kvinnebryst i Sigurd Hoels Syndere i sommersol (1927). Men nei, dei kjem litt seinare. Hos Agnar Mykle på 1950-talet er det mykje bryst, hos Hoel helst hofter.
– Mannlege og kvinnelege forfattarar skildrar kvinnebrystet med så å seie dei same orda. Kan det kome av mange tiårs mannleg forsprang og av språkleg indoktrinering?
– Det er ein hypotese eg set min lit til, utan at vi kan stadfeste eller avkrefte han. Dette heng nok òg saman med at kvinna er objekt, også hos dei kvinnelege forfattarane.
Mindre ømt
Før i tida heitte det, med Pauli ord: «Og størst av alt er kjærleiken.» No fortel Uris bok oss, ordrett, at det heiter: «Og størst av alt er kuken.»
Det registrerer ho som eit litt overraskande funn. At den kroppsdelen står som ein påle hos dei mannlege forfattarane, var ho ikkje heilt budd på.
Her er det størst skilje mellom mannlege og kvinnelege forfattarar. Men, som ho peiker på, det vil ikkje seie at mennene skriv om denne reiskapen sin heile tida – sjølv om det skjer langt oftare enn hos kvinnelege forfattarar.
– Kvinnelege forfattarar står ikkje tilbake for mannlege når det gjeld eksplisitte sexskildringar. Men dei nyttar ikkje tabuorda i same omfang som sine mannlege kollegaer?
– Dette er ein hypotese eg har. Det vi måler i undersøkinga, er førekomsten av seksuelle tabuord, og då er det stor skilnad mellom kvinner og menn. Men vi kan ikkje av den grunn konkludere at kvinner skriv mindre om sex og samleie. Eit ord som begjær gav klart fleire utslag hos kvinner enn menn i materialet vårt.
– Boka di fortel at det finst om lag tre gonger så mange mannlege som kvinnelege kjønnsorgan i norsk skjønnlitteratur. Kva fortel det deg?
– Det er jo interessant. No finst det mange fleire han enn ho i denne litteraturen, og dei fleste mannlege kjønnsorgan sit jo framleis fast på personar som føretrekkjer pronomenet han. Det speglar i det minste at det finst fleire mannlege karakterar i norsk skjønnlitteratur, og at veldig ofte blir kjønnsorgana deira skildra. Men også på dette feltet har det truleg skjedd mykje dei siste førti åra.
– Kvinnelege forfattarar nyttar oftare orda kjærlighet, kjærtegn, kyss og især ømhet. Er ikkje desse orda mandige nok for den andre delen av forfattarstanden?
– Det synest eg i så fall er leitt, men det passar inn i det vi veit om menn og den litt dårlege evna deira til å snakke om kjensler. Her har det nok skjedd mykje i løpet av dei siste åra, men det er eit faktum at unge gutar framleis slit med å snakke om kjenslene sine. Så dette funnet trur eg speglar samfunnet kring oss.
– Mannlege forfattarar nyttar bannord dobbelt så ofte som kvinnelege, skriv du. Med forpult er skilnaden 3,5 gonger så stor. Inneber det at kvinnene framleis er litt frøkenaktige i bannskapen, og at likestillinga ikkje er kommen langt nok enno?
– Eg ser det ikkje som eit mål at fleire skal nytte det ordet, sjølv ville eg aldri brukt det. Alt tyder på at kvinner bannar mykje meir no enn tidlegare. Det er ikkje lenger heilt uhøyrt. Seksualiserte bannord ser ein mindre av hos kvinner.
Endra teiknsetjing
Helene Uri ville òg finne ut kven som er «Den norske Hemingway». Korleis gjer ein det? Han er jo kjent for ein «macho» skrivestil med korte setningar og få adjektiv. I tekstsøket blei setningslengde avgjerande. Då peikte fleire mannlege og nokre kvinnelege forfattarar seg ut. Men til overrasking for Uri og sikkert fleire stakk Herbjørg Wassmo av med pokalen.
– Det er jo rekna ut på ein nokså primitiv måte. Ho skriv mange eittordsytringar, ho har ein stil der ho lèt eitt ord stå der med ..., og så vidare til neste ord. Så har ho mange replikkar, og då går den gjennomsnittlege setningslengda ned.
– Du skriv at det blir færre utropsteikn og fleire spørjeteikn i norske romanar. Har du ei forklaring på det?
– Det har med endra stilideal å gjere. I dag blir utropsteikn sett på som litt lettvint og vulgært, det er noko vi ikkje nyttar. Den auka bruken av spørsmålsteikn er kanskje blitt ein stilistisk maner. Dei fleste spørsmåla er nok retoriske.
Jeg naken drakk er den første boka i sitt slag i Noreg, og tittelen speler på favorittord hos mannlege norske forfattarar. Boka er også eit døme på alt ein kan bruke digital humaniora til. Langt meir kan granskast, meiner Helene Uri. Det er mykje å gripe fatt i, og det er berre for forskarar og masterstudentar å forsyne seg.
Sjølv kunne ho tenkje seg at nokon forska på om bergenske forfattarar er meir høglydte i det dei skriv, om det er meir bruk av verb som rope, skrike og hoie i bøkene deira.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.