Målmannen i Skottland
James K. Puchowski har fått stipend av Noregs Mållag for å lage ei ny innføringsbok i nynorsk for engelskspråklege studentar. Det er på tide.
James K. Puchowski står her framfor Wilkins-bygningen i London med læreboka i nynorsk som norskfilologen Peter Halleråker gav ut i 1983. No arbeider Puchowski med ei ny innføringsbok i nynorsk.
Foto: Magnus Furre Gjerde
Nynorsk
magnus@dagogtid.no
Viss ein er utanlandsk student og vil lære seg nynorsk, finst det ikkje mykje læringsmateriell til hjelp. Ein vil måtte bruke ei grammatisk utdatert lærebok som i år feirar 40-årsdag. I 1983 kom boka Norwegian nynorsk. An introduction for foreign students ut. Boka vart skriven av Peter Hallaråker, norskfilolog og namnegranskar frå Bremnes. Boka var den første læreboka i nynorsk for engelskspråklege studentar.
Hallaråker skreiv i Språknytt i 1984 at det var to grunnar til at han mellom 1966 og 1968, medan han var lektor i norsk ved Universitetet i Bologna, kom på tanken å skrive ei lærebok i nynorsk for utanlandske studentar. Den eine var ei stor interesse blant studentane for nordisk, spesielt vestnordisk, kultur. Det var også interesse for språksituasjonen i Noreg.
Den andre grunnen var det Hallaråker såg på som ei skeiv framstilling av norsk skriftspråk i utlandet. Han fann det «fagleg og språkpolitisk urimeleg» at nynorsken, som eitt av to offisielle skriftspråk, vart marginalisert ved utanlandske universitet. Då han i 1978 fekk tilbod frå Vinlands Mållag i USA om støtte til å skrive ei innføringsbok i nynorsk, takka han ja.
Boka har ikkje fått nokon oppfølgar sidan ho kom ut i 1983. No er det i ferd med å endre seg. Den 10. september vann den engelskfødde og polskætta 27-åringen James K. Puchowski eit stipend på 50.000 kroner frå Noregs Mållag for å lage ei oppdatert innføringsbok i nynorsk for utanlandske studentar. Puchowski er ein av få utlendingar som har gjort nynorsk til sitt norske skriftspråk. I 2015 sat han i styret i Studentmållaget i Oslo medan han var på utveksling.
Språkmann
Eg treffer Puchowski i London, der han underviser i norsk ved University College London (UCL). På nettsida til UCL står det at universitetet var det første i den engelskspråklege verda til å tilby skandinaviske studiar, alt i 1917. I dag er UCL eit av få universitet i Storbritannia som tilbyr norskkurs. Puchowski underviser på deltid i norsk for nybyrjarar og vidarekomne, men er ikkje busett i London. Han seier det er altfor dyrt å bu der.
Han bur i Edinburgh og er snart er ferdig med doktorgraden i lingvistikk ved Universitetet i Edinburgh. Han tek tog til London for å vere der dei dagane han underviser. Då overnattar han hos foreldra i High Wycombe, om lag 50 km nordvest for London, byen han vaks opp i. Puchowski har teke skandinaviske studium og studert lingvistikk i Edinburgh sidan 2013.
– I Edinburgh har dei eit godt utval av kurs for dei som skal studere lingvistikk og språkvitskap. Eg har alltid vore interessert i språk, språkpolitikk, språkdebattar og språkhistorie, så eg bestemte meg for å prøve, seier han.
Puchowski forklarar at han ville ta språk i Edinburgh som han ikkje kunne finne ved mange andre universitet, og at skandinaviske språk derfor passa godt. Han valde norsk ettersom det ligg litt i midten av dei skandinaviske språka.
– Kan ein norsk, så kan ein lese dansk og ein kan lytte til svensk. I tillegg til norsk tok eg katalansk. Etter kvart innsåg eg at eg liker og trivst med det norske språket.
Målmann
Då Puchowski kom til Oslo som utvekslingsstudent i 2015, hadde han alt kjennskap til nynorsk og språksituasjonen i Noreg. Han hadde skrive ei oppgåve om Norsk Målungdom.
– Då eg kom til Noreg, ville eg møte desse folka. Det var i fadderveka eg møtte nokre frå Studentmållaget i Oslo. Eg trur dei var fasinerte av at det var ein utlending som hadde skrive om dei.
På Universitetet i Oslo vart han lei av å skrive på konservativt bokmål og byrja i staden å skrive på radikalt bokmål. Etter kvart spurde norskprofessoren hans om han ikkje vil prøve seg på nynorsk.
– Eg var kanskje den første studenten nokosinne på norskkurset som leverte inn alle oppgåvene på nynorsk. Eksamenen min måtte sjekkast av fleire personar, ikkje berre fordi handskrifta mi er frykteleg dårleg, men også fordi dei måtte sjekke om nynorsken var riktig. Dei var ikkje vande med å lese tekstar av utanlandske studentar på nynorsk.
Overgangen til nynorsk gjekk glatt for Puchowski. Han trur det kan ha kome av kontakten han hadde med nynorskfolk.
– Norsk Målungdom syntest det var artig at eg skreiv på nynorsk, så dei inviterte meg til haustkonferansen i Spydeberg i Østfold i 2015. Etter kvart tok nettstaden Framtida.no kontakt med meg. Ein ting førte til ein annan.
– Og plutseleg vart du medlem?
– Ja, men det var fint! Mesteparten av forskinga mi er etnografi, der ein må observere kva folk held på med. Så det var kjekt å kunne kome på innsida og sjå kva språkaktivistar held på med.
Språkaktivisme
Puchowski er sterkt interessert i nynorsk språkaktivisme. Han har skrive to masteravhandlingar om temaet, og i desember disputerte han doktoravhandlinga si om språkaktivisme i Noreg, Katalonia og Skottland.
– Kva har du lagt vekt på, og kva har slått deg når du har studert nynorsk språkaktivisme?
– Ein ting eg såg på, var korleis Norsk Målungdom reagerte på språkvariasjon i nynorsk. Eg fann at dei var ganske bevisste på variasjon, men at det også fanst ein toleranse for den variasjonen. Etter at eg hadde skrive om dette, ville eg sjå nøyare på nyansane i språkaktivisme. Nynorsk språkaktivisme handlar ikkje berre om å møtast for å strikke medan ein snakkar om Ivar Aasen, det handlar om kva sosialt liv ein har.
Språkaktivisme har mange sider, seier han.
– Det fokuserer eg også på i doktoravhandlinga mi. Eg prøver å dekonstruere kva ein meiner med språkaktivisme. Kor går grensa mellom vanleg språkbruk og språkaktivisme? Målet har vore å starte ein diskusjon og få fram nyansar i debatten.
Puchowski synest det har vore interessant å studere ulikskapane mellom språkaktivismen i Noreg, Skottland og Katalonia. I Skottland, til dømes, har dei som kjempar for eit skotsk skriftspråk, ingen hovudorganisasjon som speler rolla Noregs Mållag speler i Noreg. I Catalonia, til forskjell frå Noreg, er språkrørsla tett knytt til eit lausrivingsprosjekt.
– Du har sjølv delteke i språkaktivismen du skriv om, kan du då skrive objektivt om temaet?
– Eg er nok ein av få utanlandske språkaktivistar for nynorsk. Men det at eg har valt ei side i språkdebatten i Noreg, betyr at eg er meir eksplisitt enn dei fleste. Eg meiner det er mogleg å seie det samstundes som eg er lingvist. Det er mange lingvistar som tenker at dei ikkje skal ta del i debattar, for å vere nøytrale. Men at ein skriv om eit språk, er i utgangspunktet ideologisk.
Han forklarar at ein studie av eit språk vil måtte bygge på ulike definisjonsval og prioriteringar som gjer det problematisk å hevde at ein kan vere heilt nøytral. Eg spør om han meiner deltakinga hans har vore til hjelp.
– Ja, det er det eg har skrive om, korleis det er å vere medlem. Å skrive om nynorsk språkaktivisme samstundes som eg har vore klar over rolla eg har spelt, har vore frigjerande. Eg har kunna snakke fritt om det, til forskjell frå den typen lingvistar som ser føre seg at dei kan handtere språk slik ein kjemikar handterer ei syre i ei flaske.
Norsklærar
Ved UCL har Puchowski to klassar i norsk, ein klasse for nybyrjarar med åtte studentar og ein klasse for vidarekomne med seks studentar. Nybyrjarklassane i dansk og svensk har fire–fem studentar, men han seier det varierer kor mange som tek dei ulike skandinaviske språka. Ingen av dei, verken aleine eller saman, har like mange som fransk, som får mellom 30 og 40 nye studentar kvart år.
– Kva er årsakene til at studentar tek norsk?
– Det varierer. Nokre har lært seg tysk og vil lære eit språk i nær slekt med tysk. Nokre har lært seg litt norsk på språkappen Duolingo, funne at dei likar språket, og bestemt seg for å studere det. Somme gonger er det snakk om studentar som må ha nokre ekstra studiepoeng.
– Korleis er det å undervise i norsk?
– Ei utfordring er at folk ikkje er vande med å studere språk med så stor variasjon. Noko av det kjekke er at ein kan ha samtalar med nybyrjarane etter fire veker, sjølv om det er om grunnleggande ting.
– Korleis balanserer du nynorsk og bokmål i undervisinga?
– Eg er nøydd til å undervise i bokmål. Men eg prøver å bruke dialekta mi når eg snakkar. Nokre gonger må eg vere meir konservativ i samtalar, slik at studentane forstår meg betre.
Den austnorske dialekta hans gjer likevel at han ofte skriv slik han snakkar.
– Det hender ofte at ein student seier til meg: «Du seier blei, men siste veke skreiv du ble, kva har skjedd?» Det er irriterande, men også ganske morosamt. Nokre gonger slit eg med å finne det rette ordet på bokmål, ettersom det er nynorsk eg bruker i kvardagen. Då er eg nøydd til å innrømme overfor studentane mine at eg ikkje hugsar kva bokmålsordet er.
– Korleis reagerer studentane dine på at me har to norske skriftspråk?
– Dei fleste spør kva skriftspråk som er det viktigaste i det norske samfunnet, og slik byrjar heile debatten. Når me lærer om forskjellige former, spør studentar heile tida kva form dei bør bruke. Eg prøver å forklare at norsk er eit språk med mykje variasjon og mange dialektar, og at det er aksept for variasjonen og dialektane.
Ein må likevel ha sympati med nybyrjaren, som på engelsk alltid skriv the friends wish for Christmas presents, men som på nynorsk kan skrive «venane/venene/vennane/vennene ynsker/ynskjer/ønsker/ønskjer seg jule-/jolegåver». Det er nok meir valfridom enn ein nybyrjar evnar å setje/sette/setja/setta pris på.
Utfordringar
I 1984 skreiv Hallaråker at hovudinntrykket hans etter å ha jobba med boka var at det er «meir eller mindre uråd å skrive ei lærebok i nynorsk som alle er nøgde med». Kryssande interesser og grupper med «uvanleg sterke meiningar» gjorde arbeidet hans vanskeleg.
Ettersom Puchowski bygger vidare på Hallaråkers arbeid, kan han til ein viss grad unngå nokre vanskelege val ved å støtte seg på vala til Hallaråker. Men nokre utfordringar blir det uansett. Han må mellom anna oppdatere boka slik at ho samsvarer med rettskrivinga av 2012.
– Ei utfordring blir å få fram at nynorsk er eit skriftspråk med mykje variasjon. Valfridommen i nynorsk står i kontrast til engelsk og andre meir standardiserte språk. Det blir også ei utfordring å oppdatere det Hallaråker skreiv om nynorskens historie og språkpolitiske kontekst.
– Du skal skrive ei innføringsbok for engelskspråklege utlendingar, trur du det då er ein fordel at du sjølv er ein engelskspråkleg utlending?
– Ja, når ein kjem frå eit land som er prega av berre eitt språk, trur eg det er lettare å snakke om variasjonen og språkmangfaldet i andre land. Då eg var yngre, var det ingen språk utanom engelsk som eg hadde bruk for i kvardagen. Men då eg besøkte andre land, fekk eg sjå korleis folk brukte ulike språk i same land.
– Vil du kunne vere meir nøytral som utlending?
– Det håpar eg. Eg snakkar austnorsk, men som utlending har eg ikkje nokon sterk grunn til å vilje skrive nynorsk på ein særeigen måte. Eg tek ikkje parti for dei som seier at nokre dialekter eller stader i Noreg er meir perfekte enn andre ettersom dei ikkje har blitt smitta av dansk eller svensk. For meg er det viktig å ta norsk som heilskap i betraktning. Eg meiner ein bør sette pris på variasjonen.
Eit levande språk
Den skeive framstillinga av norsk skriftspråk i utlandet var ei av årsakene til at Hallaråker ville skrive innføringsboka si. Det same er tilfellet for Puchowski. Han seier at utlendingar i dag berre har god tilgang på bokmålsressursar for å lære seg norsk.
– Det er fint at folk kan lære bokmål, men me treng ressursar på nynorsk som ikkje baserer seg på at studenten alt har eit godt nivå i bokmål. Det skal vere mogleg å byrje med nynorsk utan å måtte gå gjennom bokmål først.
Puchowski legg mykje vekt på at han vil at utlendingar skal forstå at Noreg har to skriftspråk, og at nynorsk er eit levande språk.
– Det er eit stort privilegium å kunne skrive om nynorsk for eit utanlandsk publikum. Eg vil hjelpe til med målaktivismen og seie at nynorsken framleis er i bruk, på NRK, på teaterscener, i bøker og i dikt. Det er eit levande språk, sjølv om brukarane er i mindretal.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen