Litteratur
Miniatyr av eit usunt samfunn
Svenske Mirja Unge blir ofte skulda for å skrive mørkt og dystert. Det gjer ho òg, men romanen Hundenetter syner ein forfattar med både humor og blikk for det lyse.
Mirja Unge er prislønt for den særprega litterære stilen sin.
Foto: Göran Segeholm
Som ung ville Mirja Unge (51) bli poet, men lyrikk har ho aldri skrive. I staden har det blitt romanar, noveller, dramatikk, ein musikal, ei barnebok og tekstar for radio. Til gjengjeld er ho svært glad i lyrikk og tenkjer mykje på språk og lyriske grep i skrivinga. Og så underviser ho i kreativ skriving.
Mirja Unge har tidlegare fått den svenske debutantprisen Katapultpriset og blei for Hundenetter nominert til den prestisjetunge Augustprisen 2024.
– Korleis blei denne historia til? Kva var ambisjonen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.