JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Sanninga om julekorta

Han nemnde aldri julekorta eg sende, med eit einaste ord.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3012
20231222
3012
20231222

Han nemnde aldri julekorta eg sende, med eit einaste ord. Eg kunne spurt kvifor, men det gjorde eg aldri, gjekk berre og venta og håpte at han ein dag skulle seie noko. Det var trass alt litt arbeid å lage til desse julekorta, og ikkje er det gratis å sende dei rundt heller.

Når det gjeld julekorta me fekk frå han, har eg vore flink og skrytt av ungane og dei skarpe og originale bileta. Etter kvart som ungane voks til, har eg påpeika at det er nettopp det som skjer, dei blir store og liknar meir og meir på mor og far.

Då julekortet frå Bergen kom, var eg alltid nøye med å nemne det neste gong me snakka på telefon.

– No fekk me julekortet, sa eg.

– Betre seint enn aldri, heldt eg fram, for å slå an tonen og tulle litt.

Det er merkeleg at han ikkje sa noko om julekorta frå meg ein einaste gong. Eg sende jo kvar bidige jul i 10, 15 år, minst.

Sannsynlegvis fanst det ei naturleg forklaring. Eg slo meg til ro med at korta frå meg truleg hadde komme fram for lenge sidan, blitt hengde opp og skapt begeistring. Men kva slags menneske er det som berre latar som ingenting?

No har me slutta å sende julekort. På eit tidpunkt mista heile familien interessa, og for meg var det ein stor lette å sleppe å ha hengande over seg at ein måtte få av garde desse korta til alle som kan krype og gå.

Men sjølv om me slutta, heldt andre på med å sende og dele ut julekort som aldri før. Nokon kjem til og med dragande med julebrev, fleire sider om alt som har skjedd det siste året. Enorme mengder med informasjon som er vanskeleg å ta inn over seg og tru heilt på. Eg skumles breva og etterpå hamnar dei i haugen med reklame og gamle aviser.

Men så ein kveld me snakka saman på telefon, kom sanninga for ein dag: Det viste seg at julekorta frå meg aldri hadde komme fram. Han hadde ikkje fått eitt einaste eitt. Det var ikkje til å fatte.

Den idioten hadde to adresser, ei privat og ei til jobben. Samstundes som eg byrja å sende julekort til jobbadressa, bytte han jobb utan å seie eit pip til meg. Då skar det seg fullstendig, og truleg varsla han ikkje Folkeregisteret heller.

Eg prøvde å skjule kor forbanna eg blei. Han lo i andre enden av telefonen, medan min fyrste tanke var å bryte all kontakt og aldri ha noko meir med han å gjere. Kven er det som har to adresser? Prøver han å gøyme seg eller skjule noko? Kvifor lo han? Er det pengar inne i biletet eller ei ekskone som ikkje gjev han fred?

Kan ein utan vidare stole på folk som driv og byter adresse heile tida? Eg er ikkje dum, viss det er det han trur. Ein stad må julekorta ligge, det er eg sikker på. Kanskje har ein vilt framand familie opna konvoluttane og sett ungane mine vekse til? Men dei siste gongene me har snakka saman, har det verka som han er totalt uinteressert i å finne ut av kor korta tok vegen.

Kanskje ville han ikkje snakke med meg om julekort. Men då kunne han berre sagt det. Det er ikkje alt eg vil snakka med han om, eg heller.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis