Skrifthistorier

Silkevegar med papir

Papir blei produsert i Kina frå ca. 100 e.Kr., men makthavarane heldt nyvinninga hemmeleg i over 600 år. Kunnskapen kom til Europa via krigsfangar i Samarkand.

VENDEPUNKT. I slaget ved Talas i 751 hindra arabisk-persiske styrkar frå Abbasid-kalifatet det kinesiske Hang-dynastiet i å vinne vidare vestover. Ukjend kunstnar, utan år.
Publisert Sist oppdatert

Slaget stod ved Samarkand i 751. Abbasid-kalifatet hadde gått til krig mot troppane frå det kinesiske Tang-dynastiet i Talas-dalen nordaust for knutepunktet ved Silkevegen. Kalifatet sigra, Tang-styrkane flykta austover, men mange kinesarar blei tekne til fange. Mellom dei var fleire ingeniørsoldatar som kunne kunsten å lage papir.

Funn frå 2006 tyder på at det nye materialet kan ha blitt oppfunne i Kina alt om lag 200 f.Kr. Silke hadde då vore brukt i fleire hundre år, men som pergament var dette eit dyrt materiale.

Kinesarane laga papir av både hamp, klutar og fibrar, og i vår tid er klutepapir blitt ein eksklusiv kvalitet. Papir blei raskt svært utbreidd i Kina, og ein gjorde det ein kunne for å halde teknologien ukjend for andre. Teknologien kom Silkevegen vestover, og kanskje hadde kinesiske handelsfolk hatt med seg papir før. Å lage papir var likevel noko anna, og nederlaget ved Samarkand opna nye utvegar for skrift.

Papirmøller

Vatn var eit problem for papyrus, men blir etter kvart ein føresetnad for å kunne lage papir. Det blir produsert i papirmøller, og iallfall før 800 er det etablert slike møller i Bagdad. Derifrå vandrar kunnskap om teknologien vestover til Damaskus på 800-talet, Kairo kring 900 og Sicilia om lag 1100.

Arabarar tok med seg papir og skrivereiskapar til Spania på 1000-talet. Derifrå spreidde teknologien seg ganske fort til andre delar av Europa. Den muslimske geografen Muhammad al-Idrisi skriv i ei reiseskildring om ein blømande papirindustri ved Valencia kring 1150.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement