JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

«Sverre gløymer aldri køyreturane med onkel Karsten, ein gong var dei i Mandal utan å ha noko ærend.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3063
20240816
3063
20240816

Bryllaup (2)

For nokre dagar sidan melde dei berre regn, men no blir det sol og varmt heile dagen. Sverre har enno ikkje fått fiksa klimaanlegget og sit i kortbukse og køyrer til bryllaupet i Sauda. Dressjakka og buksa ligg samanbretta i baksetet, og skjorta heng i handtaket over eine døra.

Planen er å låne eit toalett på ein bensinstasjon og kle seg om før han kjem fram. Eller stoppe langs vegen og hive kortbuksa av og berre byte i ein fart. Det vil skje så fort at folk i bilane som passerer, ikkje kan vere sikre på om det verkeleg er ein mann i underbukse som står der. Ein annan vri er å kle seg om i bilen.

Sverre gløymer aldri køyreturane med onkel Karsten, ein gong var dei i Mandal utan å ha noko ærend. Dei kjøpte varmmat på butikken og sat og åt i bilen med dørene opne. På heimvegen køyrde dei ut til Lista fyr. Karsten kjende ein som kom og låste opp fyret, slik at dei kunne klatre til topps.

Sverre er nøydd til å finne noko til Aina og Torstein og svingar av hovudvegen ved eit digert skilt det står «Keramikk» på. Han følgjer ein grusveg vidare til eit hus som ser heilt vanleg ut. Inne treffer han ein mann som har på seg eit forkle fullt av størkna leire.

– Sei ifrå om du vil ha hjelp, seier mannen med runde, raude briller og krøllete sølvgrått hår.

Sverre har ei boble i halsen, og det kjem ein rar lyd til svar.

– Eg er der inne om det skulle vere noko, seier mannen og peiker mot eit anna rom, men så blir han berre ståande og stire på Sverre.

Eit par breie tekoppar med nokre krusedullar på er nedsett 50 prosent. Det får bli med dei, sjølv om han ikkje kunne tenkt seg å ha dei sjølve.

– Er det ei gåve?

– Ja, eg er på veg til eit bryllaup, seier Sverre, og kjenner at han treng å låne eit toalett.

– Då skal eg pakke dei inn, seier mannen, fingrane hans er fulle av leire, dei òg.

Sverre får seg ikkje til å spørje og ser ikkje noko skilt med toalett på heller.

Kort tid etter at han har starta å køyre vidare, må han stoppe. No går det ikkje an halde seg så mykje lenger. Kroppen har skjønt at det nærmar seg, og har sett i gang ein prosess det er umogleg å stoppe. Han hiv bilen inn i ei busslomme og småspring rundt på baksida av busskuret. På eit jorde kjem ein traktor køyrande midt imot. Sverre kan ikkje stå der og pisse og lèt som om han berre strekkjer på beina.

Han er fullstendig sprengd og held på å trø i hundedrit på veg tilbake til bilen. Han opnar framdøra. Her kan eg jo stå, nesten som ein bås, tenkjer Sverre. Det einaste som betyr noko, er å få det ut. No går det fort, og strålen treffer innsida av døra, og det renn ned i lomma på vognkortet til tilhengaren, nokre serviettar og gammalt sjokoladepapir.

Det er bursdag og julaftan på ein gong og utan tvil dagens høgdepunkt. Han står med knekk i knea og får styrt resten ned i bakken. Det sprutar på skoa og låra. Ein buss kjem og blinkar og vil inn i busslomma, han tutar fleire gonger. Sverre lèt som ingenting og køyrer vidare.

Framhald

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis