JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

«Tida går fort, og om ikkje lenge er det vår att. Synnøve kan dukke opp kva dag som helst og lure på korleis det går med desse tulipanlaukane.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2981
20240524
2981
20240524

I juni kjem Synnøve og gjev ho ein berepose.

– Kva er dette, spør Olga og håpar at det ikkje er det ho trur.

– Du får ta ein kikk.

Olga kikkar.

– Tulipanlaukar?

Synnøve har nærmast gjort det til ein tradisjon å komme og prakke på Olga noko til hagen i mai eller juni. Sjølv om ho aldri viser stor begeistring, held Synnøve berre fram.

– Eg kan ikkje ha alle desse?

– Jau, dei er til deg.

– Men du skal vel ha nokon sjølv?

– Eg kan ikkje ha fleire. Eg har altfor mange allereie, seier Synnøve.

– Takk, då, seier Olga og kjenner seg tvinga til å ta imot sjølv om ho eigentleg ikkje er interessert.

Det er ikkje plass i hagen, og Olga har alt kjøpt inn dei blomane og plantane ho hadde tenkt å kjøpe i år. Men desse kan heldigvis liggje ei stund, det er ikkje før i september dei skal i jorda.

– Dei skal setjast i september, oktober går òg heilt fint, seier Synnøve.

– Etter at eg har tørka dei godt, legg eg dei i kjellaren, litt kaldt.

Synnøve snakkar til Olga som om ho er heilt nybyrjar. Ho gjer det sikkert for å vere grei, men det er berre irriterande. Synnøve inviterer seg sjølv inn, og Olga må finne kaffi og høyre om alle plantane og blomane ho har heime i sin hage.

Når hausten kjem, har Olga gløymt bereposen med tulipanlaukar. Dei er ikkje i tankane hennar og hamnar aldri i jorda, blir berre liggjande i posen til det kjem mygl og dei til slutt rotnar på grunn av fukt.

Olga finn bereposen nokre veker etter jul når ho og mannen får det føre seg at dei skal ta ei skikkeleg opprydding. Då er det for seint, og laukane kan ikkje reddast. Det er berre ein graut i botnen av posen, og ho kastar alt i restavfallet.

Tida går fort, og om ikkje lenge er det vår att. Synnøve kan dukke opp kva dag som helst og lure på korleis det går med desse tulipanlaukane. Då blir Olga nøydd å velje. Anten kan ho ta sjansen og lyge og seie at ho har sett noko grønt som held på å presse seg opp av jorda, sjølv om ho ikkje har det, og satse på at Synnøve ikkje spør noko meir. Eller vere ærleg og svare som det er: at ho har gløymt det heilt ut og beklagar så mykje.

Men Olga veit at Synnøve ikkje kjem til å takle ein slik beskjed. Ho forstår ikkje at det er fort gjort å gløyme ting i ein travel kvardag, og at Olga vil kjøpe sine eigne tulipanar om ho skulle få lyst til det. Men får ho høyre sanninga, kjem Synnøve til å bli så sur at ho trekkjer seg unna, og det kan ende med at dei sakte glir frå kvarandre og til slutt mistar kontakten heilt.

Men om så var, gjer det noko? Kan det til og med vere at det er ei meining med det? Eller risikerer Olga at det berre blir verre, at alt eskalerer, at Synnøve kjem med endå fleire tulipanlaukar neste år og kanskje eit brett med stemorsblomar i alle slags fargar? Alt dette burde vore unngått, det skal ikkje vere slik at ein skal gå og grue seg til våren og sommaren.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis