JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Trampolinen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2964
20240126
2964
20240126

Naboane pakka ned trampolinen ein laurdag føremiddag i september, vår blei berre ståande ute heile hausten. Det var så mange andre ting å gjere, og me tenkte at det ikkje var så viktig. Eg brydde meg uansett ikkje om kva naboane trudde om oss, og no er det januar.

For at ikkje vinden skulle få tak, batt eg han godt fast med tau og eit par stroppar i oktober, då dei melde storm. Ein flygande trampoline er livsfarleg, og den store skrekken var at han skulle lande på taket av bilen og lage eit djupt søkk. Men det gjekk godt, og han rikka seg ikkje, men verneringen over fjørene losna og la seg i ein haug inntil nettet som sikrar at ingen fell av trampolinen.

Stroppane blei aldri fjerna etter at vinden gav seg, så då neste storm nærma seg, heldt me oss berre i ro og venta.

I adventstida kunne me festa julelys rundt toppen av nettet, det hadde vore perfekt, når han likevel stod der. Men ingen kom på det før det var for seint.

Det har snødd heile denne veka, så no er det i alle fall for seint å pakke ned trampolinen, han er forvandla til eit digert kvitt monster som liksom står og vaktar på oss. Glidelåsen i nettet er dregen halvvegs opp slik at det ser ut som ein munn som gapar.

I mange år har me vore flinke, og vanlegvis pakkar me trampolinen så å seie heilt ned, losnar ei og ei fjør mellom ramma og hoppematta med fjørkroken, som er eit spesialverktøy som fylgde med då me kjøpte trampolinen, og som me utruleg nok har klart å ta vare på i alle desse åra, mens andre ting som til dømes små skiftenøklar og forskjellige piper til pipesett forsvinn heile tida, og dukkar aldri meir opp, sjølv om ingen har brukt dei.

Hoppematta skal brettast saman tre, fire gonger og fjørene leggast i ein liten raud plastikkbalje. Skumrøyra har byrja å smuldre litt opp, så det gjeld å ikkje vere for hardhendt når me tar dei av stolpane saman med nettet. Etterpå samlar me alt på ein stad slik at det blir lett å finne att når våren kjem, og sjølv om ingen seier noko høgt, forstår alle at det er slutt på hoppinga for i år.

Det er utruleg kva ungar kan få til på ein trampoline, du kan bli svimmel berre av å sjå på når dei herjar og sveittar seg ut med saltoar med skru, frontflip, backflip og allslags. I mange år var dei sikre på at dette var noko dei skulle drive på med resten av livet. På bilde eg har tatt, er det som om dei svever i lause lufta, og det lyser lang veg at livet er fantastisk, og håret flagrar i alle retningar. Etter kvart har dei kome på andre tankar, så eg har sloppe å ta den vanskelege samtalen med å forklare at det ikkje er lett å lage seg eit levebrød av å hoppe opp og ned og gjere triks på ein trampoline.

Men eg vil jo ikkje at dei skal slutte heilt å hoppe, så eg er spent på korleis sommaren som kjem, blir.

Det hende mykje i fjor, i det året me lét vere å pakke trampolinen ned, og ikkje alt var like kjekt, men heldigvis er me ikkje åleine om å tenke at litt må vel desse trampolinane tole.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis