Skrifthistorier
Avslørande funn frå fortida
Menneske har snakka saman i fleire hundre tusen år og skrive i nokre få tusen år. Først dei siste hundre åra er dei gamle spora etter skrift funne att.
MINNESTAD. Ved inngangen til eit arkiv i det som var kongepalasset i Ugarit nord i Syria, grave ut frå 1929.
Foto via Wikimedia Commons
Ein stad i den millionårlange utviklinga frå Homo erectus via neandertalarane til Homo sapiens var hjernen blitt slik at nokon byrja å snakke og lage setningar. Menneske snakka truleg saman i fleire hundre tusen år før dei sette spor etter seg som seinare arkeologar og andre kulturforskarar kunne finne att.
Å skrive at alt dette blei funne der og då, kan verke nærsynt. Ein gong var der nokon som visste, men før eller seinare auka avstanden til tid eller stad så mykje at desse minna forsvann. Spora forsvann gjerne under ras, haugar, vekstar. Dermed gjekk det ikkje berre hundreår, men tusenår før noko blei funne att eller oppdaga på ny.
Språk under plogen
Språk kan vere skriftspråk, og skriftspråk blir skrivne i eit eller anna skriftsystem. Utan skriftlege spor ville mangt vore ukjent om språk generelt og mange enkeltspråk spesielt.
Våren 1928 pløyer den syriske bonden Mahmoud Mella az-Zir marka si i Ugarit ute ved kysten i Syria, ein times tid nord for Latakia. Der får han opp ein stein med innskrift. Syria er under fransk styre, Mahmoud fortel om funnet til styresmaktene, og rapporten hamnar i Paris. Franske arkeologar tek til å undersøkje området i april 1929 og finn raskt mange spor etter ein nekropolis, ein gravby. Etter kvart har dei funne mange tusen leirtavler med kileskrift på eit ukjent språk.
Funnet skriv seg frå ein øydelagd bystat, og det ukjende språket får namnet ugarittisk. Åtaket er skildra på nokre av leirtavlene og kom så brått på at nokre av dei enno ligg i brannomnane. Mellom funna er fragment av det sumeriske Gilgamesj-eposet, som er kjent frå før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.