Frå matfatet

Bananar

Bak eit enkelt mellommåltid skjuler det seg store utfordringar.

I lange baner: Det vert dyrka millionar av tonn bananar i verda kvart år, men problema tårnar seg opp.
I lange baner: Det vert dyrka millionar av tonn bananar i verda kvart år, men problema tårnar seg opp.
Publisert

Kva er nordmenns favorittfrukt? Er det plommene som no bognar i hagane kringom, i det minste i den sørlegaste halvdelen av landet vårt? Epla som snart skal gjere det same? Eller kva med pærene og morellane?

Nei då. Langt unna: Om vi slår i hop snittforbruket av alle desse norskdyrka fruktene, er vi ikkje i nærleiken av snittforbruket av den mest etne frukta vår: Kvart år et snittnordmannen 14,3 kilo banan, ifylgje statistikk frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Det er mykje. Faktisk er det nesten like mange kilo som potetene vi et kvart år: 16,1 kilo får vi i oss av denne C-vitaminkjelda.

Men potet er kjelde til meir enn vitamin C. Har du høyrt om kalium? Kalium finst i absolutt alle celler i kroppen vår og held styr på at mellom anna musklane, nervane og hjartet fungerer som dei skal.

Og det er massevis av kalium i bananar. I det minste er det det vi vert fortalde: Når eg googlar «kjelde til kalium», er banan og avokado dei treffa eg får opp fyrst. Men har du sett – når eg søker på banan i Matvaretabellen, får eg opp at han inneheld 330 mg kalium per 100 gram. Poteta, derimot, gjev meg heile 522 mg kalium dersom eg kokar ho med skalet på.

Tropisk trøbbel

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement