Ord om språk

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Publisert Sist oppdatert

Ord om språk

Kvar fugl syng med sitt nebb, og fuglespaltisten her i avisa skildrar jamt både songen og nebbet til fuglane ho skriv om. Fuglenebb kan vera stutte eller lange, beine eller krøkte, og nokre har jamvel gilde fargar, som nebbet til lunden. Ikkje sjeldan ser me at fuglane pikkar med nebbet, ber noko i nebbet eller nappar i kvarandre med nebbet (jf. nebbast).

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete! Til liks med mange andre ord kan nebb nyttast i bokstavleg og biletleg tyding. Og ja, det er helst biletlege nebb me talar om når me seier at nokon heng med nebbet, er bleik om nebbet eller syng med sitt nebb.

Elles er det mangt i naturen som har noko som liknar nebb, og som difor har nebb i namnet sitt. Det gjeld til dømes leppefisk, som bergnebb, og vokstrar som skogstorkenebb (som har ei rad andre namn òg). Nokre kan finna på å seia nebbemus for ‘spissmus’. På det australske kontinentet lever nebbdyret, eit hugtakande pattedyr som legg egg og har noko som liknar eit digert andenebb.

Nebb og hokjønnsordet nebbe kan fint nyttast om utstikkande saker i lendet. Dessutan er orda nabb (t.d. bergnabb), nabbe, nobb og truleg nibbe i ætt med nebb. (Nipe vert derimot kopla til norrønt hnípa ‘henga med hovudet, stura’.) Kanner og koppar kan òg ha nebb, jamfør sausenebb(e).

Nebb har same opphavet som norrønt nef (‘nase; nebb’) og er i ætt med nov. I Våre arveord (2019) står det at nebb er «et gammelt ord med noe uklar forhistorie». Til dømes veit me ikkje korleis ordet fekk endinga bb. Islendingane held seg til nef og færøyingane helst til nev (sjeldan nebb), so det er i skandinavisk at nebb svingar seg. I nynorsk kan me velja om det skal vera inkjekjønnsord eller hankjønnsord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement