Ord om språk

Bleikfis med nybleikt hår

Nokre har hug til å leva i ei verd der korkje fargen eller forma på lekamen har noko å seia.

Publisert

Mange ynskjer å vera alt anna enn bleike om sumaren. Nokre dreg sørover om vinteren eller våren og får eit forsprang på dei av oss som går heime og er vinterbleike eller i alle fall bleike og vårslappe. Men bleik er i ætt med blid, so då er det vel inga skam å gå og vera kritande bleik?

Ein gong var det gjævt å halda seg innandørs og i skuggen og mesta vera bleik som eit lik, for då skilde ein seg tydeleg frå dei som var ute og arbeidde i solsteiken. Ein kunne vera i godt hold òg. No gjeld det å vera solbrun og veltrena, og då er bleikfeit ein merkelapp som svid.

Nokre har hug til å leva i ei verd der korkje fargen eller forma på lekamen har noko å seia. Å arbeida for det er ikkje fånyttes, men det er eit langt lerret å bleikja. Dessutan er det skilnad på bleik og bleik. Dei av oss som er kvite i utgangspunktet, eller med ei gamal nemning: bleikandlet (etter eng. paleface), kan ha stunder då me er endå bleikare.

Me kan verta likbleike av å sjå eller skulla gjera noko skummelt. Det er òg vanleg å vera bleik, men fatta. Bleik kan tyda ‘reddhuga’ («ikkje ver so bleik!»), dimed kan bleiking svara til feiging: «Ho er ingen bleiking.» Folk som er sjuke, er ofte gustne i andletet. Nyansen kan me skildra nøgnare ved hjelp av bleik (t.d. gråbleik, gulbleik). Ikkje uventa har bleikna vore nytta som eufemisme for døy: «Han bleikna (bort).»

Stutt sagt grip me gjerne til bleik når me vil få fram at noko har mist fargen sin eller ikkje er like sterkt, friskt og skarpt som det kunne ha vore. Me kan smila bleikt i det bleike ljoset frå lampa og nytta ord med avbleikt tyding. Nokre freistar skapa eit storverk som aldri bleiknar, men so vert det berre ein bleik kopi av noko som andre alt har laga.

Bleik (og bleikja, bleikna) kjem av ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘loga, lysa, glinsa’. Ho har gjeve oss uhorveleg mange ord, til dømes førnemnde blid, som opphavleg tydde ‘skinande’. Andre ord frå denne rota er blank og blakk, blik (‘vindstille på sjøen’, eig. ‘glans’), bly og bål. Engelsk bleak (‘berr; kald; trist’) er lånt frå norrønt (bleikr).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement