Fugleperspektiv
Den minste kongen i Eurasia
Det er ofte røysta som røper nærværet hans, så lenge ein er i stand til å høyre han.
Anatomien til fuglekongen eller furulusa gjer han særleg effektiv til å finne næring i bartre. Der byggjer han også gjerne reir.
Foto: Sveinung Lindaas
Med tida tapar øyret evna til å høyre i dei høgare frekvensane, og dei eldre blant oss må ofte ha med seg ein yngre følgjesvein for å vite at han syng eller ropar ovanfrå: fuglekongen, den minste fuglen i Europa.
På langs av hovudtoppen ber han ei
guloransje krone mellom to svarte striper. I snitt veg han fem–seks gram.
Denne vesle kongen blant fuglane vert også kalla «furulusa» i Noreg. Det er ofte røysta som røper nærværet hans, så lenge ein er i stand til å høyre han. Han held gjerne til i
bartre, der han rører seg akrobatisk mellom tette nåler.
Soga fortel at han fekk namnet då han
konkurrerte med ørnen om kongetittelen. Vinnaren skulle vere fuglen som kunne flyge høgast. Ørnen
steig og steig, men det var ei anna røyst som kom ovanfrå og kravde tittelen:
Den vesle, halmlette medtevlaren hadde tidleg sett seg på
ryggen til den store, og dermed reist høgast.
Slik vart han kåra til fuglekonge, noko det
vitskapelege namnet Regulus regulus speglar att. På svensk
heiter han kungsfågel, på fransk roitelet huppé, eller «den vesle kongen med
fjørtopp». Sjølv om soga om ørnen som vert lurt
av ein liten fugl, høyrer til føreuropeisk folklore, er det ikkje «furulusa» som har fått kongetittelen på alle
språk.
På tysk, til dømes, er det gjerdesmetten, Zaunkönig, altså «gjerdekongen», som
vert konge etter å ha lurt både ørnen og
representantar for andre fugleartar. Også på japansk er det han som heiter konge
blant fuglane.
I Storbritannia har fuglekongen vorte
kjend som «rugdepilot». Ein del fenomen
tydde på at dei ørsmå fuglane kunne røre seg over lange
avstandar: Om hausten auka dei merkbart i tal på øyane eller landa i små
flokkar på fiskebåtar som var på tokt i Nordsjøen. Men korleis hadde vesen
på fem gram kunna flyge over
havet? Dei måtte ha kome ridande på ryggen til rugder.
Fyrst nyleg vart det klart at nordiske fuglekongar kan trekkje i stort omfang når hausten slår inn. Det kan gå
fort, nett som ein vind: Ein fuglekonge som vart utstyrt med ein sendar i Nederland ein
oktoberdag i 2022, letta om natta og sende signal frå austkysten av
England, 320 kilometer lenger vest, neste morgon. Han hadde drege av stad under gunstige
tilhøve,
med sterk medvind. Så små fuglar er avhengige av medgjerlege vindar om dei
skal klare ferda over havet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.