Fugleperspektiv
Under vengja til tjeldfar
Biletet viser ein vaksen tjeld i hekkedrakt. I vinterdrakt har han eit smalt, kvitt halsband. Ungfuglar har brunare nyanse i det mørke.
Foto: Sveinung Lindaas
Snart er dei her for å bli gjennom våren og sumaren, tjeldane med det raudoransje, lange nebbet og dei intense ropa. Også augo er raude. Tjelden har beksvart fjørdrakt på hovudet og oversida, skinande kvit på undersida, med eit breitt kvitt band ovanpå kvar vengje, som vert synlege når han opnar vengjene i flukt.
Vanskelegare å sjå er det at det finst fleire typar tjeldpar når det gjeld trekkvanar.
I Noreg vert dei aller fleste tjeldane borte om hausten og byrjar å kome attende i månadsskiftet februar–mars. Tilhøva er annleis på Island, der cirka ein tredjedel av bestanden er standfuglar. Resten trekkjer minst 750 kilometer sørover og slår seg ned ulike stader langs vest- og nordkysten av det kontinentale Europa. Der blandar dei seg med lokale standfuglar og trekkjarar som har kome frå andre område.
I nokre par er makane av same slag: trekkfugl eller standfugl begge to. I andre trekkjer den eine bort, medan den andre vert verande om hausten. Ifølgje undersøkingar utførte på den islandske bestanden ligg tilhøva der høvesvis på 46 prosent par med to trekkjande individ, 20 prosent med to stadfaste makar og 34 prosent med ein av kvar.
Dei som hekkar i Noreg, overvintrar langs austkysten av Dei britiske øyane og vestkysten av det kontinentale Europa.
Tjeldar kan altså røre på seg over store avstandar, sjølv om dei vert kalla for «kortdistansetrekkjarar», men finn som regel tilbake til same make og same hekkeplass år etter år. Dei kan leve lenge. Tjue år er ikkje uvanleg, med aldersrekordar over førti. Unge tjeldar vert kjønnsmodne mellom tre- og femårsalderen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.