Ord om språk

«Den vanlege tolkinga er at havre hadde grunntydinga ‘bukkefôr’. Då seier det seg sjølv at det er fåtenkt å setja bukken til å passa havresekken.»

Publisert Sist oppdatert

Førre veka vart det sagt at me skulle koma attende til bukk. Og sanneleg: Her sit me og stryk oss i bukkeskjegget og ser på krumspringa og bukkespranga til dette hankjønnsordet. Det er minst like moro som å leika blindebukk, gå jolebukk og sykla med bukkestyre, for bukk har haka seg fast mange underlege stader, om lag slik Smørbukk-karamellen set seg i tennene.

Til dømes møter me bukk i lånordet bukse (samandraging av buck-hose ‘brok av bukkeskinn’) og engelsk butcher (‘slaktar’), av fransk boucher (‘slaktar’, jf. bouc ‘geitebukk’). Bukkane vart avliva tidleg, og butcher tydde fyrst ‘den som slaktar geitebukkar’.

Vokalen i ordet ymsar noko. Me har u i norsk, dansk (buk), islandsk og færøysk (bukkur), men o i svensk (bock), nederlandsk (bok) og tysk (Bock). I norrøne kjelder finn me både bukkr og bokkr. Ordet kan vera eit lån frå keltisk. Orda bukka («bukka og skrapa») og bukk («gjera ein bukk for presten») er noko anna: Dei heng i hop med verbet bøya.

I norrønt finn me elles eit anna ord for ‘bukk’: hafr. Frå dette ordet kjem truleg plantenamnet havre (norr. hafri). Den vanlege tolkinga er at havre hadde grunntydinga ‘bukkefôr’. Då seier det seg sjølv at det er fåtenkt å setja bukken til å passa havresekken.

Norrønt hafr heng i hop med latin caper, som i Latinsk ordbok har tydingane ‘geitebukk’ og ‘stinkande sveitte i armhòlene’. Caper finn me att i ord som kaprifol(ium) (ordrett: ‘bukkeblad’), kapriol (‘bukkehopp’, nytta om sprang i dressurriding) og kabriolet (eig. ‘bukkehopp’, frå fransk cabriolet ‘lett vogn (som hoppar og sprett)’). Engelsk cab (‘drosje’) er ei stuttform av sistnemnde.

Attåt geitebukkar finst det mellom andre reinsbukkar og råbukkar, og mange seier saubukk heller enn vêr. Bukk vert òg nytta om biller (furubukk, husbukk), folk (jålebukk, stabukk, tullbukk) og slikt som liknar bukkar (sagbukk). Bukken har vore knytt til (maskulin) livskraft, men òg lauslivnad (grabukk, horebukk).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement