Ord om språk

«Det er ikkje for inkje me seier at noko 'dampar av erotikk' eller er 'dampande heitt'.»

Publisert Sist oppdatert

Hjuldamparen «Skibladner» har gått i hi for vinteren, men han held dampen oppe i sumarmånadene. Mange andre dampdrivne farkostar er derimot heilt ute or soga. Før kunne folk sitja på dampbåten («dar kjem dampen») eller i ei togvogn dregen av eit damplokomotiv og dampa på sigarar og sigarettar. Det er mindre dampfart no, men damp har slett ikkje dampa bort.

Damp er eit lågtysk lånord. Folk som helst styrer unna slike ord, nyttar eim (norr. eimr) i staden. Hjå Aasen finn me til dømes eimbåt, eimkjøk (‘dampkjøken’) og eimverk (‘dampmaskin’). Det er gilde ord, men dei har mestsom aldri fått opp dampen. Damp har grunntydinga ‘noko uklårt’ og kjem av ei rot som tyder ‘støva, ryka, blåsa’. Verbet dampa kjem av damp.

Andre ord i denne ætta er dimme (‘uklårleik, dis’), dim (‘halvmørk; matt; uklår’), dimma (frå engelsk, ‘skrua ned (bil)ljoset’), dum (eig. ‘mørk, uklår’), dumbe (‘støv’) og svensk damm (‘støv’). Eg legg vel ingen dempar på stemninga om eg seier at verbet dempa òg høyrer til her. Grunntydinga til dempa er ‘få (eld) til å dampa og ryka (og dimed slokna)’.

I dag talar me om å dempa musikken, dempa forventingane, dempa ballen og dempa smertene. Me kan jamvel måla eit rom i avdempa fargar og koma med neddempa kritikk. Det er nesten so me må beda dempa om å dempa seg. Dessutan har me ei rad greier som hjelper oss med dempinga. Folk set ljoddempar på våpenet og øydelegg støytdemparane på bilen gjennom å køyra snøgt over fartsdemparar.

Grunntydinga til eimkjøk og dampkjøken er naturleg nok ‘kjøken der dei kokar med damp’, men orda har vore nytta om (store) serveringsstader der ein får kjøpt rimeleg mat. Det er mykje damp på andre kjøken òg. Folk dampar grønsaker, serverer dampa laks og får damp på brilleglasa når dei opnar døra til steikjeomnen eller lyfter loket av kjelen. Om ein lèt alt kokevatnet fordampa, går det gale.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement