Frå matfatet

Egg

Noko er rote i eggbransjen, og det er ikkje egga sjølve.

Nok egg: Vi produserer meir enn nok egg i Noreg, og det har vorte eit problem.
Nok egg: Vi produserer meir enn nok egg i Noreg, og det har vorte eit problem.
Publisert Sist oppdatert

Kvart einaste vesle hønseegg inneheld alle næringsstoffa du treng bortsett frå C-vitamin. Det har du kanskje høyrt før? Likevel er det ganske fantastisk å tenkje på – og ganske sjølvsagt samstundes, sidan alle levande vesen jo er sette saman av dei same næringsstoffa, og eit egg inneheld alt som skal til for å lage eit nytt levande vesen – ein kylling.

Ser ein slik på det, kan det nesten vere meir utruleg at det kan lagast ein fiks ferdig kylling utan C-vitamin, sidan dette vitaminet er heilt naudsynt for å danne kollagen, bruskvev, beinvev og tannbein.

Uansett: Sjølv om egg inneheld mykje næringsstoff, bør vi ikkje gå over på ein diett av berre egg og appelsinjuice. Det ville truleg gje oss ei nokså ubehageleg fordøying, sidan dei to produkta ikkje inneheld særleg mykje fiber.

Ja, truleg et vi temmeleg passeleg med egg i Noreg. Likevel et vi langt frå nok til å ta unna eggproduksjonen norsk landbruk driv med.

Overproduksjon

I ti heile år har vi hatt overproduksjon av egg i Noreg. No ligg han på kring 3000 tonn i året. Om vi reknar at eit gjennomsnittsegg veg 60 gram, svarar det til 50 millionar egg kvart år som ingen vil ete. Det siste året har 400 tonn egg vorte til grisefôr, og like mykje er selt på billegsal til industrien.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement