Ord om språk

Einstonige undertonar

Me kan seia noko med ein spørjande eller fortruleg tone, slå fast at «det var nye tonar» eller få høyra at me ikkje skal ta den tonen.

Publisert

Samvær er strevsamt når me ikkje finn tonen. Når me spelar eller syng, kan me slita med å finna tonen i bokstavleg meining. Om me ikkje orkar å leita meir etter slike tonar, kan me retta merksemda mot andre tonar, som fargetonar og ringjetonar. Og kvar har summetonen teke vegen?

Den som skal setja tone til ordet tone, gjer lurt i å henta fram eit strengeinstrument. Tone kjem frå gresk tónos, som har grunntydinga ‘spent (streng)’ og er runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘tøya, retta ut, spenna’. Tone kom tidleg inn i nordisk gjennom latin. I norrønt finn me til dømes substantivet tóni (‘musikalsk ljod, tone’) og adverbet tónlaust (‘utan song’).

På grunn av framtoninga kan verbet tona (‘visa fram’, t.d. «tona flagg») fortona seg som ein slektning av tone og tona (‘gjeva frå seg tonar’). Men tona (‘visa fram’) kjem frå nederlandsk, og korkje det eller fortona og framtoning har noko etymologisk band til dei andre tone-orda. Ordbøkene koplar tona (‘visa fram’) til gotisk at-augjan. Det tyder ‘halda framfor augo’ og heng i hop med auga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement