Frå matfatet
Er ikkje distribusjon og sal av mat samfunnskritisk infrastruktur?
Regulering er noko vi har i kjeften. Lat oss også få det på papir.
Daglege brød: Coop tek kontroll over eigen brødproduksjon. Kven vinn og kven taper på det, skal tru?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Nett no er det opprør i sunnfjordregionen. Nei, vi protesterer ikkje på at det har regna 26 dagar i strekk – sjølv om vi burde gjere det òg – vi bryr oss om brøda våre. Saka er at det såkalla samvirkeføretaket Coop har sagt opp avtalen dei har hatt med det lokale bakeriet Naustdal Dampbakeri. Frå nyttår vil det Coop-eigde bergensbakeriet Goman levere kjøtvekta av brød til Coop i heile vestlandsområdet.
Dette har fått sunnfjordingane opp av godstolane – utan å ete fyrst: Det har vore protestaksjon i Førde med over 100 deltakarar, og 27. august melde Firda at over 100 personar har meldt seg ut av Coop Nordvest. Coop innrømmer at dei kanskje hadde undervurdert reaksjonane, men held fast på at levering frå sjølveigde Goman vil gje både betre og billegare brød til både nordfjordingar, sunnfjordingar og sogningar.
Død for éin
Om lag samstundes som Firda melder at Naustdal Dampbakeri må permittere og seie opp tilsette, melder avisa Dagligvarehandelen om kjempevekst for Klæbu bakeri. Bakeriet – som har spesialisert seg på glutenfri bakst – har dei siste to åra hatt fast listing hjå Coop over heile landet, noko som har ført til at dei har kunna auke produksjonen monaleg. No går 60 prosent av produksjonen deira til nettopp Coop.
Og det er jo flott – så lenge det varer. For på same måte som det ikkje er noko i vegen for at Coop går frå Naustdal Dampbakeri til sitt eige Goman-bakeri, er det ikkje noko i vegen for at Coop i framtida også byrjar å bake sine eigne glutenfrie bakevarer. Om så skjer, mister Klæbu bakeri over halvparten av kundegrunnlaget sitt over natta.
Vi skal ikkje ta lukka frå dei glutenfrie bakarane, som heilt sikker gjer ein knakande god jobb. Det er nok av døme på små verksemder som lever godt på å vere inne på listene til ei eller fleire av dei store daglegvarekjedene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.