Frå matfatet

Etande førebilete

Kampen for meir heimelaga mat får hjelp frå uventa hald.

Selena Gomez er artist, skodespelar, forretningskvinne og hobbykokk med eige TV-program.
Selena Gomez er artist, skodespelar, forretningskvinne og hobbykokk med eige TV-program.
Publisert

OK. Eg har hamna i den merkelegaste matmanien min så langt, trur eg: HBO-serien Selena + Chef. Selena i tittelen viser til artisten og skodespelaren Selena Gomez. At eg hamna i nett denne serien, vert ikkje mindre merkeleg av at eg ikkje visste kven ho var. Det syner seg at ho har godt over éin milliard avspelingar av hiten «Lose you to Love me» på Spotify.

Vel, akkurat det lèt seg nok forklare med algoritmar, men lat oss sjå nærare på dette seriefenomenet: Vi byrjar i 2020. Det er koronapandemi, det er karantene, og 28 år gamle Selena sit i herskapshuset sitt og får ikkje til å lage mat til seg sjølv, veninnene og besteforeldra ho har invitert inn i karantenelivet sitt.

Korleis det vert omsett til ein TV-serie på ni episodar, der Selena i kvar episode får hjelp av ein ny kjendiskokk til å lage nye rettar via videolink, skal eg ikkje seie (men dama har forretningssans). Men det er iallfall det som skjer: Fransk omelett med Michelin-kokken Ludo Lefebvre, grønsakbuffé med surdeigsikon Nancy Silverton og ramen med kokebokforfattar Candice Kumai er blant rettane og kokkane som dukkar opp på TV-skjermen min – og skjermen Selena har på kjøkkenet sitt – i løpet av fyrste sesong av serien.

Ikkje så flink kokk

Og ja, barnestjerna Selena Gomez er temmeleg ubrukeleg på kjøkkenet. Ikkje berre har ho for lange negler til å kunne halde kniven på fornuftig vis, ho kløner med å få sett på steikeomnen på den utruleg fancy gasskomfyren sin, og ho brekker seg fyrste gongen ho må stikke handa inn i ein rå kylling – for ikkje å snakke om då ho må handtere ein rå blekksprut.

Likevel held eg fram med å sjå, og Selena held fram med å hakke, steike, bake og utfordre seg sjølv – og jammen vert ho stadig betre. I sesong to er det framleis covid-19-karantene, og serien er like ustrigla, men Selena gjer ikkje lenger noko nummer av å handtere rått kjøt. Ho vert betre. Ho kosar seg med å lage mat, ho blir stolt og får meistringskjensle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement