JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Å ete ute i Noreg er å navigere seg gjennom ei lang kjede av kjeder. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Unisont: Dette biletet, av dette bordet med denne maten, kan vere tatt om lag kvar som helst i verda. Er det eit gode?

Foto: pxhere.com

4208
20240712
4208
20240712

Er restaurantkjeda Egon blant dei mest klassedelte konsepta i Noreg?

Det er i alle høve vanskeleg å kritisere det suksessrike restaurantkonseptet utan å verte putta i boksen «snobb», eller ein som ikkje forstår kva vanlege folk vil ha når dei går ut for å ete på restaurant. Eller, som debattredaktøren i Avisa Oslo, Ahmed Ashraf, skreiv i ein kommentar til Aftenpostens siste melding av Egon: «Ikke alle går på restaurant for å skylle kjeften med naturvin eller får orgasme av terte med tartar av velhengt kjøtt.»  

Vi lèt det stå – og spør i staden kvifor ein skal på Egon, eigentleg?

Det er ikkje for å få eit billeg måltid. Entrecôten på Egon kostar berre 22 kroner mindre enn entrecôten i Statholdergaardens Mat- & Vinkjeller.

Men dit ville du kanskje ikkje tatt med tre kresne og urolege born?

Kanskje ikkje. Eller kanskje er det ei avgrensing vi set på oss sjølve – og som kan ha godt av å settast på prøve. Utfordring nummer éin for oss alle vert difor å prøve å ikkje late oss uroe av at ungar gjer som ungar skal – også på restaurant.

Om vi ikkje skulle kjenne oss som dei utfordrande foreldra nett i dag, finst det framleis alternativ. Til dømes dei stadig fleire mathallane som dukkar opp kringom: Konsept der fleire etekonsept er samla i eit stort lokale – eit lokale som er bygd kring å skulle røre seg rundt, har massevis av høve til å velje og er generelt fullt av liv og røre og høgt lydnivå.

Men sjølvsagt, om ein prøver noko nytt, veit ein ikkje kva ein får. Ein risikerer å verte skuffa. Kanskje er det beste grunnen til å velje eit restaurantkonsept som Egon, at ein veit akkurat kva ein får. Det er i alle høve eit vinnande konsept – og Egon er langt frå aleine om å selje vasstette og kliss like restaurantkonsept landet over.

Kjede på kjede

Kjedene Peppes Pizza, Starbucks, TGI Friday’s, Eataly Ristorante og La Baguette er ikkje berre kjeder kvar for seg, dei har òg det til felles at dei enten er eigde av eller har franchiserettar forvalta gjennom serveringskjeda Dely.

Dely heitte ein gong Umoe Restaurants, og vart starta opp av investor Jens Ulltveit-Moe. Dei hadde i fleire år fullt eigarskap til 128 Burger King-restaurantar òg. Men Burger King var selt til ein austerriksk investor før Umoe vart Dely – med Ulltveit-Moe i styret.

I dag eig og forvaltar Dely ifylgje dei sjølve 140 restaurantar og kafear. Noverande eigar er konsernet Jordanes – som også er innehavar av konsernet Scandza, som igjen er mest kjent som eigar av daglegvareprodusentar som Synnøve Finden, Sørlandschips, Go’ Vegan, Finsbråten og Leiv Vidar. Og sjå der: langt inn i kaféporteføljen deira finn eg òg det hurtigveksande og deigimporterande bakeriet Backstube.

Kjøpesenterstyrt

Det er med andre ord ikkje småfolk du måler deg opp mot om du som einsam kokk, konditor eller bakar set deg føre å opne ein serveringsstad. Særleg tydeleg vert kjedemakta på kjøpesentera: Kafékonseptet Jordbærpikene har mellom anna spesialisert seg på slik drift, med 45 kjøpesenterkafear spreidde rundt om i landet, alle drivne uavhengig gjennom franchise, men alle med prikk lik meny.

Men heller ikkje på dette nivået står dei på eigne bein: Jordbærpikene er ein del av selskapet Bitastad AS, som ifylgje seg sjølv er ikkje noko mindre enn «det råeste veksthuset for serveringskonsepter». Frå Trondheim held dei styring på over 70 baguette-seljande Big Bite-utsal, nærare 40 sushi-smakande Sabrura-restaurantar, pluss eit par mindre konsept i tillegg til Jordbærpikene.

Det er nesten så svenskeigde Espresso House vert som veslesyster å rekne – sjølv om kjeda hevdar at dei er Nordens største kaffikjede, med over 500 utsal, eit syttital av dei i Noreg.

Nei, den uavhengige, koselege, ekte og opphavlege nabolagskafeen er ikkje lenger lett verken å finne eller å drive. Dess større grunn til å leite litt ekstra, i det minste dei gongene vi har tid og overskot. Det får vere utfordring nummer to frå meg i dag. Opplevingane kan nemleg bli minst like store – utan at lommeboka vert særleg mykje lettare.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er ikkje småfolk du måler deg opp mot om du som einsam kokk, konditor eller bakar set deg føre å opne ein serveringsstad.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis