JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Di meir kompliserte matvarene vert, di mindre går attende til råvareleverandøren. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein drope i mjølkehavet: Ja, men av og til kan småtteri syne mykje skeivt.

Foto: Pxhere.com

4322
20240705
4322
20240705

Igjen går prisen på mat opp – og igjen får vi høyre av alle aktørar i matvarebransjen at det i alle fall ikkje er deira feil. Dei aukar ikkje marginane sine med meir enn kostnadane, det kan vi vere heilt trygge på, om det no gjeld daglegvarekonsern eller -kjede eller -butikk eller leverandør eller produsent.

Så kor vert kronene våre av? Dei einaste to verdiane vi kjenner som sikre, er dei i kvar ende av kjeda: Vi veit kva vi må betale i butikken – og dersom råvara er av eit slag vi kan produsere eller hente opp frå havet i Noreg, veit vi kva ho er verd. Vi veit kva fiskaren får for fisken dei leverer til mottaket, kva kornbonden får for kornet og mjølkeprodusenten for mjølka. Så lat oss byrje der.

Vi byrjar med to typar nesten kvit drikk som inneheld feitt og har opphavet sitt på ein gard: havredrikk og kumjølk. Sjølv om produktet ikkje lenger får heite havremjølk, er det openbert at dei to produkta konkurrerer. Hjå Oda.com kan eg i skrivande stund kjøpe ein liter Tine heilmjølk for 22,90 kroner. Korleis prisen bonden får for mjølka, har stagnert jamført med kva mjølka kostar i butikken, vert ofte diskutert når vi snakkar om jordbrukspolitikk.

I år 2000 var mjølkeprisen til bonden 3,34 kroner, medan H-mjølka kosta kring 10 kroner literen i butikken. I dag er målprisen på mjølk 6,24 kroner – og vi kan slå fast at gapet har vorte større både i faste kroner og i prosentar. I 2024 går kring ein fjerdedel av det du betalar for mjølka, attende til bonden som har produsert ho.

1 skarve prosent

Men kva om vi i staden samanliknar med havredrikk? Det var ikkje særleg mykje havredrikk å få kjøpt i vanlege daglegvarebutikkar i år 2000, men no er han overalt og er, ifylgje seg sjølv, ein del av framtida. Er han òg ein del av løysinga på rettvise prisar? Kor stor del av prisen vi betalar for havremjølka, går attende til bonden?

Vi treng ikkje eingong byte selskap for å samanlikne, for meierisamvirket Tine fører òg vegetabilske mjølkealternativ: Havredrikk under merkenamnet Gryr er produsert for Tine. Ein liter kostar meg 37,50 kroner.

Ifylgje Felleskjøpet var noteringsprisen for havre betalt frå mølle til bonde 3,73 kroner per kilo i veke 24. Havredrikken til Tine inneheld 10 prosent havre, som vil seie at om vi legg prisane til Felleskjøpet til grunn, får kornbonden betalt 0,37 kroner per liter havremjølk Tine sel i butikken.

Det er temmeleg nøyaktig 1 prosent av utsalsprisen. Altså bokstavleg tala berre ein brøkdel av den prosentdelen mjølkebonden sit att med.

Industrialisering

Kvifor er det slik? Ein grunn kan nok vere at havredrikk er eit moteprodukt retta mot forbrukarar som er over gjennomsnittleg opptekne av kva dei et – og difor reknar ein med at dei har over gjennomsnittleg god betalingsvilje. Resultatet er at havredrikk vert prisa høgt og med god margin.

Men ein annan like openberr grunn er at havredrikk ikkje er ferdig når havren er pressa. Produsenten har sett til rapsolje, salt, vitamina D, B2 (riboflavin), B9 (folsyre) og B12 i tillegg til minerala kalsium og jod.

Med eit mogleg unnatak for rapsolje er dette industriprodukt som Tine må kjøpe i ein global, open marknad. Til skilnad frå kumjølka, som inneheld alle desse næringsstoffa heilt av seg sjølv – ja, ho har endåtil så mykje feitt at Tine kan skilje ut litt til smørproduksjon og enno slå sin eigen Gryr-divisjon på feittinnhald.

Desse innkjøpa kostar. Nett kor mykje får vi ikkje vite. Vi veit heller ikkje kva det gjer med kostnaden at sjølv om havredrikken er produsert på norsk havre, skjer produksjonen i Sverige.

Industrialisering gjer maten rimelegare og enklare, får vi høyre. Det ligg grave så djupt ned i oss at vi ikkje eingong stiller spørsmål ved det. Men stemmer det eigentleg alltid? Syner havredrikken oss at industrialisering også fører til fleire ledd og fleire komponentar som gjer varer dyrare, meir uoversiktlege og mindre demokratiske enn dei hadde trunge å vere? Dersom industrialisering fører til at personen, dyra og jorda som gjer den viktigaste jobben, får ein stadig mindre del av kaka, er det då i staden ein del av problemet, ein del vi hadde klart oss like godt utan?

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Havredrikk er eit moteprodukt retta mot forbrukarar som er over gjennomsnittleg opptekne av kva dei et.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis