Frå matfatet

Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.

Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Publisert Sist oppdatert

Har du prøvd kombucha enno? Den fermenterte teen har vore kjend i Noreg i såpass mange år no at mange har fått han med seg: Her til lands byrja produktet, som så ofte elles, på kjøkkenbenkane hjå nokre ekstra mat- og helsemedvitne menneske – for så å vekse seg inn i butikkhyllene våre.

Dei fleste daglegvarehandlar med litt godt utval har no minst éin variant av kombucha i kjøleskåpet saman med brus, energidrikk og vatn – og dei sel han til ein literpris langt over alle dei andre produkta i dei hyllene. Hjå Oda kostar til dømes Roots Kombucha med ingefær 151 kroner per liter, medan brusen Solo kostar 55 og energidrikken Battery 56 kroner per liter. Er butikkversjonen av kombucha verd den stive prisen?

Bakterievekst

Som vanleg tek vi oss tid til fyrst å gå litt i djupna på kva kombucha eigentleg er. Kort oppsummert er det eit brygg: Ein bryggar kombucha på same måte som ein bryggar øl, berre at ein i staden for malt og rein gjær brukar te, sukker og ein levande slimkropp av gjær og bakteriar. Det er dette sistnemnde kombuchafolket kallar ein scoby. Scoby er ei forkorting for Symbiotic Culture of Bacteria and Yeast. Om ein legg godsida til, kan ein seie han ser ut som det barnet ditt helst vil ha i godterihylla. Om vi ikkje er like venleg innstilte, er det òg rettvist å samanlikne han med skikkeleg tjukk kakaosnerk.

I motsetnad til begge desse har scobyen ein funksjon. Han ligg på toppen av kombuchabrygget og sender usynlege sopp- og bakteriearmar ned i det oksygentomme vasslivet, der dei snart byrjar å omdanne sukkeret til både kolsyre og andre meir smaksrike syrer: Søtt sukker vert til syrleg, frisk smak, som vert balansert mot det bitre i teen. Teen er ferdigbrygga før prosessen startar, nemleg, og blanda ut med sukker. Men sidan sukkeret i stor grad vert bakteriemat, er sukkerinnhaldet i den ferdige drikken temmeleg lågt, under ein tredjedel av sukkeret vi finn i brus.

Likevel – kombucha er ikkje heilt sukkerfritt. Trass det vert drikken av mange kategorisert som helsekost: Den levande og mangfaldige bakteriekulturen skal bidra til sterkt immunforsvar og sunt fordøyingssystem, vert det mellom anna hevda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement