Frå matfatet

Fisk

Ein gong var vi vikingar, men no vil vi berre ete rosa fisk.

Fiskedisk: Et du meir fisk om du har ein slik i nabolaget, enn om det einaste tilbodet er vakuumpakka og/eller frosen fisk?
Fiskedisk: Et du meir fisk om du har ein slik i nabolaget, enn om det einaste tilbodet er vakuumpakka og/eller frosen fisk?
Publisert

Kvardagen nærmar seg. Eller kanskje er han her alt? Og kanskje er det heilt i orden? Kanskje byrjar vi å verte meir trøytte av alltid å måtte fylle dagane med noko nytt og spanande, noko meir spanande enn i går, men enno uvisst? Kanskje lengtar vi etter kvart attende til å vite kva måndagen, tysdagen og torsdagen har å by på? Kanskje er det heilt greitt at middagen er til same tid kvar dag, til dømes, og endåtil kan vere så keisam som fisk, potet og gulrot?

Eller – er det den nye unormalen? Fisk til middag, altså? Eg har nett lese noko som kan tyde på det, at 270.000 norske barn og unge nesten ikkje et fisk.

Undersøkinga som seier dette, er gjord for Noregs sjømatråd. Ho slår fast at det i Noreg finst kring 772.000 nordmenn mellom 8 og 18 år. 270.000 er altså over ein tredjedel. Og denne tredjedelen av komande vaksne, sjølvstendige nordmenn et fisk til middag sjeldnare enn éin gong i veka.

Altså et dei truleg under femti fiskemåltid kvart år – dei kjem ikkje i nærleiken av tusen fiskemiddagar før dei fyller 18. Og det finst born i Noreg som et fisk endå sjeldnare enn det: Eitt av sju born har ikkje eingong fisk til middag éin gong i månaden.

Kva er dette for noko? Noreg, ei av verdas fiskeristormakter, som stadig skryter av kor sunt og godt og berekraftig fiskeriet vårt er, klarer ikkje eingong å få våre eigne born til å ete råvara vår? Gjev undersøkinga svar på kvifor?

Kva er å få kjøpt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement