JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Hjortekjøt

Har du høyrt om hjorten som reiste kring halve jorda for å kome til eit daglegvarefryseskap?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Heilt opp ned: I Noreg gjerdar vi hjorten ute, men i New Zealand, verdas største vilteksportør, gjerdar dei han inne.

Foto: Wikimedia Commons

4229
20230106
4229
20230106

Så var hjortejakta over for denne gongen. I Noreg har jaktsesongen auka i takt med storleiken på dyrestammen, slik at ein no kan jakte på hjort i store delar av Noreg frå 1. september til og med litle julaftan.

Men no er det altså kviletid. Kollene skal gjere seg klare til kalving til våren, bukkane skal kvile ut etter ein slitsam brunsperiode og jegerar og grunneigarar skal ete opp alt kjøtet som har kome i hus. For jaktåret 2022 var det tildelt 76.895 hjorteløyve. Om vi reknar med at ikkje alle løyva vart nytta, og ei gjennomsnittleg slaktevekt på moderate 38 kilo, endar vi på over 2500 tonn slakta hjort.

Det er mykje mat å formidle, foredle og ete opp. Framleis vert store delar av denne formidlinga utført i uformelle nettverk. For norsk hjortekjøt er ikkje lett å få tak i i norske daglegvarebutikkar. Å sjå stykkingsdelar av hjort der er sjeldan – rett og slett fordi det ikkje er eit system for å få hjort frå jeger til forbrukar – få godkjente viltmottak, få kjøtforedlarar som er interesserte i å ta imot, nyttiggjere seg og utvikle råvara.

Hjortekjøt kan eg likevel få kjøpt. På min lokale Coop sel dei for tida hjortekjøt frå New Zealand.

Verdas største

Pakningen er merkt med Wulff & Co., som syner seg å vere ein erfaren kjøtimportør med vilt frå heile verda som hovudråvare. Hjortekjøtet har ikkje kome strake vegen, då. Pakningane har det ovale sporingsmerket, og i det står det «NL 5939 EG», eit nummer som fører meg til Nederland. Det siste foredlingsanlegget hjorteprodukta til Wulff & Co. var innom, var fabrikken Luiten Food B.V. om lag midt mellom Amsterdam og Rotterdam.

Er dette berekraftig? Er det naudsynt? Og, ikkje minst: Har øysamfunnet New Zealand så mykje hjortevilt at dei må sende kjøtet halve verda rundt for å få omsetnad på det?

Eit googlesøk på det siste spørsmålet sender meg inn i ei verd eg ikkje ante eksisterte. Hjort er ikkje eit naturleg dyr i New Zealand. Det vart innført for at koloniherrane ville ha hjort å jakte på. No treivst hjorten godt, og jakta vart meir og meir lukrativ – så lukrativ at nokon tok tanken eit steg lenger og byrja å halde hjort som husdyr.

Den eine hjortebonden tok den andre med seg, og no er det over 3000 hjorteoppdrettarar i New Zealand. Hjorten går ute og beitar det meste av året, med tilleggsfôring av høy og silo når det er naudsynt.

Produksjonen er så stor at han gjer New Zealand til verdas største vilteksportør. I 2021 var eksporten på nærare 15.000 tonn – verd 155 millionar newzealandske dollar, eller ein milliard norske kroner. I tillegg til kjøt haustar dei også geviret på hjorten medan det er ungt og kledd med pels. Dette produktet, som vert kalla velvet, hadde ein eksportverdi på kring ein halv milliard norske kroner i 2021.

Lat oss ete våre eigne

Produksjonen ser grei ut, den, sjølv om eg trur det ville vere ærlegast av omsetjaren i Noret å opplyse om at viltkjøtet ikkje er meir enn halvvilt. Men spørsmålet står likevel att: Treng vi dette kjøtet i Noreg?

Bransjeorganisasjonen New Zealand Venison argumenterer med at «matmil» ­– «Food Miles» – utgjer ein forsvinnande liten del av det samla miljøfotavtrykket til kjøtet. Dei hevdar òg at det gunstige klimaet i New Zealand gjer at ein produserer kjøt her med lågare klimaavtrykk enn i mange europeiske land.

Det kan truleg stemme. Men det fortel ikkje heile sanninga. Hjort i Noreg må òg jaktast på, elles vert stammen usunt stor. Fleire dyr vil svelte i hel og verte påkøyrde, meir hjort vil ete opp meir av bøane til bøndene, og ikkje minst: Ei berekraftig, nær og sunn matkjelde vil verte gåande unytta.

Vi må ete vår eigen hjort fyrst, meiner eg, og så kan vi eventuelt vende oss til New Zealand om vi no absolutt skulle trenge meir. Difor heiar eg nok mest på Haugen gardsmat, den vesle kjøtforedlingsverksemda i Flåm i Sogn som er blant få i Noreg som tek imot og foredlar norsk hjort. Hjortegryta deira er kanskje ikkje eit festmåltid, men særs god kvardagsmat, eit flott ferdigmatalternativ og, kven veit, kanskje eit skritt på vegen mot fleire stykkingsdelar av hjort rett frå norsk skog, hei, bø og fjell og til daglegvarehyllene våre.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis