Jordbruksavtalen
No får det jammen meg vere nok.
Stortinget og bøndene: Dei møtest kvart år, men forholdet er ofte komplisert.
Foto: Heiko Junge / NTB
Det byrjar nesten å verte keisamt. Nei, eg tenkjer ikkje på debatten kring landbrukspolitikken i stort – han er det tvert om god gang i for tida.
Eg tenkjer på politikarar og bondeorganisatorar som skyv «respekt for forhandlingsinstituttet» framfor seg når dei ikkje er samde i endringane Stortinget ynskjer å gjere i den framforhandla jordbruksavtalen. Posisjonspolitikarar har gjort det, opposisjonspolitikarar har gjort det – ja, endåtil bondelagsleiarar har brukt denne frasen i meir eller mindre desperate forsøk på å unngå politiske tap i stortingssalen.
«Sjølv bønder bør ikkje få styre eigen havresekk aleine.»
Førre veke skjedde det igjen. I samband med endeleg handsaming av jordbruksavtalen i Stortinget – ei handsaming der regjeringa mellom anna tapte på omkamp om det omstridde talgrunnlaget – var det ministeren sjølv som hamna utpå: «Når begge faglagene og staten er enige, burde alle partier respektert dette og forhandlingsinstituttet, men jeg registrerer at det ikke er tilfellet», sa landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) til Nationen.
Mange paragrafar
Og det har like lite rot i Hovudavtalen, det juridiske grunnlaget for jordbruksforhandlingane, no som alle dei andre gongane argumentet har vore brukt.
Og så vert vi nøydde til, endå ein gong, å gå gjennom kva som faktisk står i avtalen som vart ingått i 1950 og sist revidert i 1992. Vi byrjar med paragraf 1-2, «Hovedavtalen og jordbruksavtaler»:
«Jordbruksavtale er, med det unntak som følger av § 1‑4, inngått når forslag til avtale er godkjent av staten og av organisasjonene hver for seg. […]
Jordbruksavtale skal anses inngått med forbehold om Stortingets behandling av saken jf § 3‑1.»
Lat oss så gå til paragraf 3-1:
«Jordbruksavtale som er godkjent av staten og av organisasjonene hver for seg, skal legges fram for Stortinget med forslag om de nødvendige bevilgninger, vedtak om priser m.m.
Overføringer fra staten som måtte være avtalt er betinget av bevilgninger fra Stortinget. Jordbruksavtaler står også forøvrig tilbake for Stortingets vedtak i saken.»
Som om ikkje det var nok, kan vi og ta med oss paragraf 3-2:
«Jordbruksavtaler står tilbake for lover og stortingsvedtak, og kan heller ikke kreves gjennomført i strid med traktater som er bindende for staten.»
Paragraf 4-1: «Staten fastsetter bestemmelser og tiltak i samsvar med jordbruksavtale, i tilfelle på grunnlag av Stortingets behandling av saken.»
Og, til slutt, paragraf 4-2: «Organisasjonene er ansvarlige for iverksettelse av tiltak i samsvar med jordbruksavtale, i tilfelle slik denne er godkjent av Stortinget.»
Ja, det var vel det heile. Og det skulle vel vere nok? Nok til å slå fast at forhandlingsinstuttet er underlagt Stortinget og ikkje omvendt?
Bukk og havresekk
Det vil seie: Dersom politikarane og dei delane av landbruket sjølv som brukar dette argumentet, meiner at næringa sjølv og ein gjeng byråkratar bør fordele milliardar av offentlege skattekroner til ei av dei mest samfunnskritiske næringane i landet, over hovudet på landets høgaste folkevalde organ, må dei jo få lov å meine det. Men då må dei seie det ope, og søke å endre Hovudavtalen tilsvarande.
Eg kjem til å vere usamd. Når vi avgjer kvar sjukehusa våre skal ligge, spør vi rett nok legar om råd fordi det er dei som har støvlane på i den saka, men vi lèt ikkje dei bestemme sjukehuslokaliseringa vår.
På same måte bør vi ikkje ha jordbrukspolitikk verken av eller for bønder aleine. Nokre veker etter at Norges Bondelag stod på plenen framfor Stortinget og ropte etter nytt og rettvist talgrunnlag, stod dei på sitt eige bondeting og trampeklappa for ein minister som nett hadde stått på deira talarstol og sagt at det ikkje kom til å skje.
Hadde det skjedd om det ikkje var så viktig for organisasjonen å halde seg inne med departementet? Kven veit. Det er i alle høve eit godt døme på at sjølv bønder ikkje bør få styre eigen havresekk aleine.
Om noka næring skal klare å kalle ein spade ein spade, bør det derimot vere landbruket. Slutt å skyve forhandlingsinstituttet framfor dykk – no, med ein gong, og for alltid framover.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø