JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Lett å velje vekk

Vi skal ikkje gå mange år attende før ingen hadde høyrt om «barnematsnacks».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Glade born med graut: Slik vil vi gjerne ha det, men barnemat har vakse seg ut av grautskåla for lenge sidan.

Foto: Frank May / NTB

4260
20240119
4260
20240119

Eit lite menneske som skal lære å ete. Vegen vekk frå mjølk, frå å suge, til å ete, smake, tygge, svelgje – eit lite mirakel kvar gong, og ikkje noko lite ansvar for mange: Kva mat gjev vi?

Diskusjonen finst alt. Ikkje minst er han ein del av diskusjonen kring ultraprosessert mat, fordi mykje babymat er nettopp det: laga av næringsstoff som er plukka frå kvarandre og sette saman att for å gje den «optimale» starten. Sunnast, lettast, mest velsmakande, tryggast – det er mange val å ta og mange røyster å lytte til.

Helsevesenet seier ein ting, forskinga, influensarane og forståsegpåarane noko anna, barnet kanskje (mest truleg) noko heilt anna, lommeboka har si røyst i røyndommen, og kva med magekjensla til foreldra midt oppi det heile?

Det går an å seie at vi har gjort det unødvendig vanskeleg. Men noko er i alle fall temmeleg lett å velje vekk.

Forsvinn fort

Heile kategorien er temmeleg ny. Vi skal ikkje gå mange år attende før ingen hadde høyrt om «barnematsnacks». Men no er den tida over.

Snacksen vi skal gje til babyane og småborna våre, skil seg likevel frå snacksen vi kjøper til oss sjølve. For der han gjerne inneheld ei god mengde feitt, salt, sukker og andre ikkje heilt supersunne greier, vert babysnacksen marknadsført som nettopp det: supersunn, laga på og med smak av frukt, bær og grønsaker.

Kiddylicious lagar riskjeks med raudbete og bringebær, noko som heiter Poppis med blåbær, Potetstavar med ostesmak (og nei, dette er ikkje chips), Smoothie-bitar med jordbær og banan og Crispy fruktfisk med bringebær. Ella’s organic hiv seg på trenden med Maizepuffs med gulrot og pastinakk.

Snacksen er spesiallaga slik at barnet skal kunne ete han sjølv: halde i handa og småbite og suge, for han knekk ikkje, ingen farlege bitar kan finne vegen ned i feil røyr. Desse spesialsnacksane smeltar nemleg med ein gong dei finn vegen inn i munnen.

«Dette med mat som forsvinn – smeltar vekk – med ein gong vi får han i munnen.»

Hm. Dette med mat som forsvinn – smeltar vekk – med ein gong vi får han i munnen. Har vi ikkje høyrt om det før?

Vi har det. Konseptet vanishing caloric density – forsvinnande kaloritettleik – har vore omtalt i denne spalta fleire gongar. Konseptet er funne opp av vaksensnacksbransjen, det er aller tydelegast i ostepop og har hovudsakleg éin funksjon: å få oss til å ete meir.

Når mat forsvinn med ein gong vi får han i munnen, vekker det smakslaukane våre, men utan å gje oss den mettkjensla vi ville fått om vi hadde ete same mengde kaloriar frå ei matvare vi måtte tygge, kverne og jobbe med å klare å svelgje.

Dyre gram

Småborn skal sjølvsagt ikkje tenkje på farane ved å ete for mykje, ikkje foreldra deira heller skal det, dei skal late babyane verte runde og knubne utan dårleg samvit, men dei vaksne kan likevel få verte litt fornærma dersom dei vert lurte – som eg vil hevde er nettopp det dei vert av desse babysnacksprodukta.

For kva er det eigentleg borna vert springande rundt og suge på? Det er i alle høve ikkje tettpakka næring. Aller verst er blåbærpoppisen frå Kiddylicious: laga på rismjøl og tapiokastivelse, druejuicekonsentrat og 2 prosent blåbærpulver. Dette er 90 prosent tomme karbohydrat. Laga for at barnet ditt skal ete han utan å verte mett, men med ei stadig sterkare lyst på meir, meir, meir.

«Dette suget kostar.»

Dette suget kostar. Kanskje ser vi det ikkje med ein gong: Ein pakke med åtte bitar med blåbærsmak kostar trass alt ikkje meir 29 kroner hjå Oda.com, eller 33 kroner på Meny. Men kvar bit veg ikkje meir enn 2 gram. Det gjev ein kilopris på mellom 1800 og 2000 kroner. Potetstavane ligg godt over 1500 kroner kiloet, medan smoothiebitane er aller dyrast: Jordbær og banan som er poppa opp og dehydrert, har fått ein kilopris på over 2900 kroner.

Er det verdt det? Det må sjølvsagt alle foreldre finne ut for seg sjølv. Men eg vil oppfordre til å ta ein liten kikk på innhaldslista før innkjøp: Maispuffane frå Ella’s organic er til dømes monaleg meir næringstette enn blåbærpuffane til Kiddylicous.

Og så kan det hende at sjølv born, sjølv born i Noreg i 2024, har godt av litt motstand iblant – om så berre mellom dei små, søte mjølketennene.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis