JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Plantevernmiddel

Fertilitetsproblem kan òg ha kjemiske årsaker. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Berre sprøyt – men kva vert konsekvensane?

Foto: Wikimedia Commons

4027
20240712
4027
20240712

Nei, kva seier de, folkens, skal vi rett og slett oppdatere oss litt på situasjonen kring bruk av kjemiske plantevernmiddel i det europeiske landbruket? Det er ei stund sidan sist, og ting skjer:

Om det ikkje var dette temaet som fekk mest merksemd før EU-valet i juni, så var det på agendaen – mellom anna i Danmark, der både statsminister Mette Frederiksen og toppkandidaten til EU-valet Christel Schaldemose (begge Socialdemokratiet) i vekene før valet gjekk ut i media og varsla at dei ynskjer seg eit forbod mot hormonforstyrrande stoff for å redde den danske fertiliteten.

For noko må gjerast. Den danske fertiliteten er nesten like låg som den norske: 1,5 danske born vart fødde per kvinne i 2023. Her kan ein sjølvsagt skulde på alt frå Tinder til kravstore kvinnfolk – eller ein kan sjå på reproduktiv helse og eksponering for kjemikal.

Ei kjemikalgruppe danske styresmakter alt – og mot EUs regelverk – har sett i gang tiltak for å verte kvitt, er dei såkalla PFAS-stoffa. Dette er ei stor gruppe fluorhaldige stoff som gjerne vert kalla «kjemikalium for æva» på grunn av den lange tida dei brukar på å verte brotne ned i naturen.

Kva dette har med mat å gjere? PFAS finst i sleppbelegget på kjelar og steikepanner, i plastemballasjen maten er pakka inn i, og i ulike plantevernmiddel som vert brukte i landbruket – sjeldan som aktivt stoff, oftare som hjelpestoff eller som resulterande nedbrytingsprodukt (når aktive stoff vert brotne ned med tida, endar dei som eit PFAS).

Det er her danskane driv aldri så lite sivil ulydnad: Dei forbaud bruk av PFAS i matemballasje alt i 2020, utan at det var regulert i det felleseuropeiske kjemikalregelverket Reach.

Giftig sæd

No er det ikkje slik at EU er imot å forby PFAS. Snarare tvert om: Dei har prøvd å handsame eit slikt forbod i fleire år. Men på grunn av sterk lobby og komplisert byråkrati ligg det reviderte Reach-programmet – som skulle vere ein del av EUs miljølandbrukssatsing Green Deal – framleis i ein skuff.

PFAS er heller ikkje dei einaste stoffa som gjev trøbbel med fertiliteten. Franske forskarar presenterte nyleg ei undersøking i det vitskaplege tidsskriftet Ecotoxicology and Environmental Safety. Dei har testa sædvæska til ufruktbare menn for reststoff frå glyfosat – verdas mest brukte ugrasmiddel, betre kjent under merkenamnet Roundup. Dette er ikkje gjort tidlegare, for ein har avgrensa seg til å måle i blodplasma. Også der fann desse forskarane glyfosat, men konsentrasjonen i sædvæska var fire gonger høgare enn i blodplasmaet.

Hjå nærare 60 prosent av dei 128 mennene fann forskarane høge konsentrasjonar av glyfosat. Dei meiner å kunne dokumentere at dette påverkar DNA-et, og konkluderer med at «samla sett tyder resultata våre på at glyfosat har negativ innverknad på den reproduktive helsa til menneske» (mi omsetjing).

Også dette får innverknad på EUs Green Deal og Reach-programmet. Det er rett nok lov å bruke glyfosat i Europa fram til 2034, men siste runde var temmeleg på håret – og truleg vert det ikkje lettare neste gong.

Felleseuropeisk

Og ja, om du lurte: Dette omfattar også Noreg. Sjølv om EØS-avtalen eigentleg ikkje omfattar landbruket, er Reach-programmet inkludert. Kjemikala som er tillatne i EU, er med andre ord om lag dei same som dei som er tillatne i Noreg – på godt og vondt.

Heldigvis er vi enno ikkje like nedsprøyta som danskane er, i det minste ikkje med glyfosat. Det intensive korn- og grisehaldet gjer at bruken av sprøytemiddel per arealeining i Danmark er blant dei høgaste i Europa.

Det er ein siger vi ikkje bør prøve å ta frå dei. Vi har vorte så avhengige av sprøytemiddel at å slutte med dei over natta vil vere ein katastrofe for mattryggleiken – noko som i seg sjølv bør vere ein vekkjar. Nye tiltak i jordbruket bør i størst mogleg grad søkje å gjere oss mindre, ikkje meir avhengige av kjemiske sprøytemiddel som kanskje ikkje er direkte dødelege, men gjerne heller ikkje så uskuldige som dei kan framstå.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis