Frå matfatet
Fytinsyre
Trudde du at du kjende alle stoffa i maten din? Møt fytinsyra.
Desse burgarane inneheld ikkje kjøt, men moglegvis desto meir fytinsyre, og det er ikkje nødvendigvis bra.
Foto: Thomson200 / Wikimedia Commons
Tenkte du at du skulle byrje det nye året litt friskt og sunt og miljøvenleg, kanskje gjennom å kutte litt ned på kjøtforbruket? Då er du ikkje aleine. Du er heller ikkje einsam om du tenkte du ville gjere det litt enkelt, sånn i starten i det minste, ikkje snu opp ned på heile middagsmenyen, men rett og slett erstatte nokre kjøtprodukt med vegetariske alternativ: vegetarburgar, til dømes, eller -pølse eller -farse. Om det kostar litt meir, er det jo ei investering i så vel miljø som helsa til borna mine og meg sjølv.
Er du ein av dei, kom nettstaden Forskning.no med ein aldri så liten kalddusj til deg no nyleg. Rett før jul publiserte dei nemleg ny svensk forsking som syner at kroppen vår ikkje klarar å ta opp næringsstoffa som er sett til i mange vegetariske kjøterstatningar.
Dei fleste kjøterstatningsprodukt er laga av ei eller anna form for proteinisolat. Produsenten byrjar med til dømes erter eller soyabønner, og så vaskar, varmar og trykker ein ut eit proteinkonsentrat som ein brukar som basis for produktet. Konsentratet kan innehalde andre næringsstoff i seg sjølv, eller produsenten kan sette til stoff som kalsium, sink og jarn.
Dårleg praksis
Tanken bak dette er grei nok, men forskarane frå Chalmers Tekniska Högskole har funne ut at praksisen ikkje fungerer like godt. Årsaka er at når ein konsentrerer proteinet, konsentrerer ein òg eit stoff som heiter fytinsyre. Fytinsyre finst naturleg i dei aller fleste grønsaker, belgfrukter og kornsortar. Funksjonen dei har i planta, er nettopp å fungere som lager for mineral og andre næringsstoff: Fytinsyra skal halde fast på jarn, sink, kalsium, fosfor og magnesium med all si kraft.
Den kraftpakka vi då får, blir kalla fytat, og ho gjer at næringsstoffa som er pakka inn, vert ufordøyelege for menneskekroppen. For der plantene produserer enzymet fytase, som sørger for å bryte ned fytat og gjere næringsmidla tilgjengelege for planta når ho byrjar å spire, produserer ikkje menneskekroppen dette enzymet. Difor kan det vere mange næringsstoff i matvara vi skal ete, dei er målbare og vert gjevne opp på næringsstofflista på pakningen, men så å seie ingen av dei endar opp i kroppen vår.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.