Ord om språk

Gå på ein sprekk

«Nokre sprekkar er biletlege, som når me med sprokken røyst seier at samarbeidet sprekk.»

Publisert Sist oppdatert

Mange åt seg sprekkande mette i jola, og hendene som heldt kniv, gaffel og skei, var radt sprokne etter all vaskinga og fyringa. No er me i januar, og då er det visst fyrst og fremst ekteskap som sprekk. Sprekk i budsjettet er det året rundt. Om trolla sprekk i sola, er meir uvisst.

Når fasaden til sprekka slår sprekkar, ser me at verbet er tolleg nytt og laga av preteritum av springa: sprakk. I norrønt var bøyinga springr sprakk (eintal), sprungu (fleirtal) – sprunginn. Forma med kk har råka ut for noko som vert kalla utljodsherding.

Det var ein regel i norrønt at i preteritum og imperativ av sterke verb vart d og ng i utljod ustemde. Dinest vart n-en oppeten av t-en eller k-en som kom etter. Forma sprang av springa vart til sprank og deretter sprakk. Sameleis fekk me geng > genk > gekk av ganga og band > bant > batt av binda.

Norrønt springa tydde både ‘bresta’, ‘spretta’ og ‘laupa, renna’. Me kan framleis nytta springa om bresting og seia at noko «spring lek», «spring sund» og «spring i lufta». Men det vanlegaste er å nytta sprekka (også uttala sprikka) om bresting og rivning og springa om renning. Då heiter det sprang i preteritum: Me sprakk ikkje etter bussen, me sprang.

Ein kan verta heilt sprengd av å springa, og dei to orda er nærskylde. Sprengja er kausativ til springa og har grunntydinga ‘få til å springa, bresta, gå sund’. I den same ætta finn me hokjønnsordet sprunge (‘brest, rivne’) og engelsk spring (‘spretta; koma frå’) og spring (‘kjelde; vår (då blomar spring ut); fjøring’). Til grunn ligg ei indoeuropeisk rot som tyder ‘røra seg, skunda seg, laupa’.

Nokre sprekkar er biletlege, som når me med sprokken røyst seier at samarbeidet sprekk. Andre er handfaste: Me kan oppdaga ein sprekk i glaset, sjå sprekkdanningar i muren, stå og lyda ved dørsprekken og detta ned i ein bresprekk. Rumpesprekken er velkjend. Helvta av oss har ei anna opning der nede som òg er vorten kalla sprekk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement