Frå matfatet
Gris
Erfaring syner at vi har råd til fleire svin på skogen.
Jonas Gahr Støre i 2017: Ein eller annan stad i klesskåpet har statsministeren prov på at han er glad i gris. Er det på tide å finne fram att godskjorta?
Foto: Vidar Ruud / NTB
Den 10. februar var nok ein heilt vanleg dag på Stortinget. Mellom anna vart fylgjande forslag vedteke med 52 mot 48 røyster:
«Stortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.»
Representantar frå sju parti røysta for vedtaket, og representantar frå tre parti røysta mot: to frå KrF og 46 frå regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
Vedtaket vart gjort på bakgrunn av eit representantforslag frå fire venstrepolitikarar som ville styrke dyrevelferda. Noko av det fyrste Sp-politikar, og ordførar for saka, Jenny Klinge sa frå talarstolen, var at «for oss i Senterpartiet og Arbeidarpartiet er det viktig å streke under at vi ikkje røystar ned forslag frå Venstre fordi vi er mot å betre dyrevelferda, men fordi vi meiner det er grunn til å sjå meir nøye på problematikken. Vi ønskjer eit fagleg blikk som grunnlag for vedtak».
Og det kan ein jo vere samd i. Vi kan sjå nøyare på eit prosjekt som forslagsstillarane syner til i representantforslaget: I samarbeid med Innovasjon Noreg legg grisebonde Vidar Julien om svinehaldet sitt frå konvensjonell innegris – til konvensjonelt grisehald med utegang.
Gamalt nei til utegris
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.